Georg Wadenius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Georg Wadenius
Jojje Wadenius (14868453641).jpg
Wadenius i 2014
Fødd4. mai 1945 (75 år)
FødestadSverige
OpphavSverige, USA
SjangerJazz, pop, rock
InstrumentGitar
Tilknytte artistarMade in Sweden, Blood, Sweat & Tears
Verka somMusikar
MorEva Engdahl

Georg «Jojje» Wadenius (fødd 4. mai 1945) er ein svensk multi-instrumentalist, songar og komponist, som vart kjend i 1970- og 1980-åra som studiomusikar, hovudsakleg på gitar og bass. Han gav òg ut ei rekkje populære album med barnesongar i Sverige.

I Sverige var han medlem av to svenske supergrupper, Made in Sweden (1966–1972 og 1976) og Solar Plexus (1971–1972). Han flytta til USA og vart sologitarist i den amerikanske gruppa Blood, Sweat & Tears frå 1972 til 1975. I 1979 vart han med i The Saturday Night Live Band på fjernsyn, der han var fram til 1985.

Som studio- og turnémusikarar har han mellom andre spelt med Steely Dan, Aretha Franklin, Diana Ross, Dr. John, David Sanborn, James Brown, Marianne Faithfull, Kent, Paul Simon, Joe Thomas, Dionne Warwick, Roberta Flack, Donald Fagen, Doug Katsaros, Michael Franks og Luther Vandross, i tillegg til mange artistar i Sverige.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

  • 1987 - Cleo
  • 1999 - Left Turn from the Right Lane
  • 2005 - Interloop
  • 2009 - Jul på Svenska
  • 2010 - Reconnection
  • 2013 - Jul på Norska
  • 2014 - Psalmer
  • 2014 - Cleo, Vol. 2

Med Made in Sweden

  • 1968 - Made in Sweden (with Love)
  • 1969 - Snakes in a Hole
  • 1970 - Live! At the Golden Circle
  • 1970 - Made in England
  • 1970 - Regnbågslandet
  • 1971 - Best of
  • 1976 - Where Do We Begin

Med Blood, Sweat & Tears

Som gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]