George Balanchine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Balanchine

Fødd22. januar 1904
FødestadSt. Petersburg
Død30. april 1983 (79 år)
DødsstadNew York by
FødenamnGueorgui Melitónovich Balanchivadze
AliasGeorgisk: გიორგი ბალანჩივაძე, Giorgi Balantsjivadze
Aktive år1929–1983, 1983
Verka somkoreograf, dansar, ballettmeister, ballettdansar, scenograf, manusforfattar
FarMeliton Balanchivadze
EktefelleTamara Geva, Vera Zorina, Maria Tallchief, Tanaquil Le Clercq
SambuarAlexandra Danilova, Tamara Toumanova
PrisarHandel Medallion, Presidentens fridomsmedalje, Kennedy Center Honors, Østerrikes æreskors for vitenskap og kunst

George Balanchine (22. januar 190430. april 1983) var ein russisk-amerikansk ballettkoreograf av georgisk opphav. Balanchine var ein av dei fremste koreografane på 1900-talet, og ein av grunnleggjarane av amerikansk ballett. Virket hans danna ei bru mellom klassisk og moderne ballett.

Russland[endre | endre wikiteksten]

Balanchine var fødd som Giorgi Melitonis dze Balantsjivadze (georgisk skrift გიორგი მელიტონის ძე ბალანჩივაძე) i St. Petersburg i Russland av georgiske foreldre. Faren, Meliton Balanchivadze (1862–1937), var ein kjend georgisk komponist og ein av grunnleggjarane av den georgiske operaen. Broren til George, Andria Balantsjivadze (1906–1992), blei òg ein kjend georgisk komponist.

Som barn var ikkje Balanchine særleg interessert i ballett. Familien hans bestod stort sett av komponistar og militære, og faren hadde eigentleg planar om at George i framtida skulle ha ein karriere innanfor marinen. Mor hans hadde alltid elska ballett, og lét George og systere hans, som ynskte å blir ei ballerina, avleggja prøve på Den keisarlege teater- og balletskulen. Utfallet av prøva var at det var han som blei teken opp og ikkje ho, og faren måtte gløyma planen om å få sonen inn i marinen.

I 1913, då han var ni år gammal, blei George Balanchine teken opp ved Den keisarlege ballettskulen, skulen til Den keisarlege balletten, der han studerte under Pavel Gerdt og Samuil Andrianov (svigersonen til Gerdt).

Etter bolsjevikane sin siger i den russiske revolusjonen i 1917 blei skulen oppløyst som eit offensivt symbol på tsar-regimet. For å overkoma sakna av skulen og krigslovane i denne tida spelte Balanchine piano på kabaretar og stumfilmkinoar for å tena til livsopphald. Til slutt blei den keisarlege ballettskulen gjenopna, men med sterkt reduserte kapitalmidlar. Etter at han blei uteksaminert med utmerking i 1921 slutta Balanchine seg til St. Petersburg-konservatoriet i tospann med pliktene sine i corps de ballet ved Det statlege teaterakademiet for opera og ballett, det tidlegare Mariinskijteateret. Balanchine gifta seg med Tamara Geva, ein femten år gammal dansar, i 1922 då han var var fylt 18 år.

Studia ved konservatoriet omfatta piano på høgt nivå, musikkteori, kontrapunkt og komposisjon. Balanchine blei uteksaminert ved konservatoriet i 1923 og var medlem av corps de ballet fram til 1924.

Han koreograferte sitt fyrste verk, eit pas de deux for to kalla Natta (1920), til musikk av Rubinstein, medan han framleis var i tenåra. Verket blei etterfølgd av ein annan duett, Enigma, som blei dansa barføtt. Saman med med-dansarar skipa han i 1923 eit lite ensemble som vart kalla Ung ballett. Koreografien deira viste seg å vera for eksperimentell for dei nye styresmaktene, som kom med sterke oppfordringar om å oppløysa ensemblet.

Balanchine, Tamara Geva, Alexandra Danilova og Nicholas Efimov fekk i 1924 permisjon for å turnera i Vest-Europa. Då dei opptredde i London oppfordra Sergej Djagilev gruppa til å slutta seg til Ballets Russes, og gav dermed støytet til at dei hoppa av.

Ballets Russes[endre | endre wikiteksten]

Diaghilev forfremja snart Balanchine til balletmeister for kompaniet, og lét han utvikla sin eigen koreografi. Mellom 1924 og 1929, då Diaghilev døydde, skapte Balancine ni ballettar og mindre koreografiar. I denne perioden fekk han ein alvorleg kneskade som hemma han mykje som dansar og effektivt sette punktum for dansekarrieren hans. I 1926 blei Banchine og Tamara Geva skilde, og kort etter detta innleidde han eit forhold til Alexandra Danilova. Tilhøvet varte nokre få år, og Danilova er blitt rekna som den andre kona hans.

Etter at Diaghilev døydde gjekk Ballets Russes delvis i oppløysing. Balanchine byrja å iscenesetja dansar for Cochran Revues i London, og blei engasjert av Den kongelege danske ballet i København som ballettmeister. Han vende attende til Ballets Russes då troppen slo seg ned i Monte Carlo, og tok igjen opp stillinga si som ballettmeister for nye Ballets Russes de Monte Carlo. For denne troppen koreograferte han tre ballettar: Cotillon, La Concurrence og Le Bourgeois Gentilhomme. Musa hans i Monte Carlo var den unge Tamara Toumanova.

Då Rane Blum overlét kontrollen over kompaniet til Colonel W. de Basil forlét Balanchine Ballets Russes endå ein gong. Denne gongen danna han sitt eige ballettkompani, Les Ballets 1933, med finansiell støtte frå Edward James og med den tidlegare sekretæren og venen ti Diaghilev, Boris Kochno, som rådgjevar. Kompaniet varte berre i nokre månader, men Balanchine fekk tid til å skapa nokre nye koreografiar og innleia eit kunstnerisk samarbeid med Bertolt Brecht, Kura Weill, Pavel Tchelitchew, Darius Milhaud og Henri Sauget.

Etter ei førestilling av Les Ballets 1933 møtte Balanchine Lincoln Kirstein, ein amerikansk velgjerar som hadde ein draum om oppretta eit ballettkompani i Amerika. Han klarte å overtalte Balanchine til å flytta til USA. I oktober same år kom Balanchine for første gong til Amerika der han straks byrja å utøva påverknaden sin på amerikansk dans.

Amerika[endre | endre wikiteksten]

Balanchine og Farrell i Don Quixote

Då han kom til USA insisterte Balanchine på at det fyrste prosjektet hans skulle vera å oppretta ein ballettskule. Med støtte frå Lincoln Kirstein og Edward M.M. Warburg opna School of American Ballet for studentar den 2. januar 1933 – mindre enn tre månader etter at Balanchine hadde kome til landet. Studentane hadde premiere på Serenade på Warburg sin ferieeigedom seinare same året.

Gjennom 1930- og 1940-åra arbeidde Balanchine som koreograf for musikkteater, blant anna med kjende personar som Richard Rodgers, Lorenz Hart og Vernon Duke. Han var ein stor beundrar av Fred Astaire og omtalt han som «den mest interessante, mest oppfinnsame, den mest elegante i vår tid....du ser litt av Fred Astaire i alle – ein pause her, eit trinn der Det var alt ekte Fred Astaire.»[1]

I 1935 blei det oppretta eit profesjonelt kompani, American Ballet, som etter eit mislukka forsøk på å få i stand ein turna byrja å opptre ved Metropolitan Opera House. Etter at han berre oppnådde å få setja opp to tilstellingar, Orfeo og Evredike i 1936, og ein danseaftan koreografert til Igor Stravinskij sin musikk i 1937, flytta Balanchine kompaniet til Hollywood i 1938.

Kompaniet framstod som American Ballet Caravan og turnerte i 1941 i Nord-Amerika og Sør-Amerika. Også dette kompaniet vart nedlagt etter nokre år.

Arkitekten Philip Johnson teikna New York State Theater etter Balanchine sine spesifikasjonar

Balanchine arbeidde som fast koreograf for Ballet Russe de Monte Carlo frå 1944 til 1946, men oppretta snart eit nytt dansekompani, Ballet Society – igjen med hjelp frå Lincoln Kirstein. Etter å ha hatt suksess med fleire førestillingar fekk kompaniet tilbode høve til å arbeida ved New York City Center for Music and Drama som det faste kompaniet til teateret. Då dettet var på plass blei namnet endra til New York City Ballet i 1948.

Balanchine under prøve på Nøtteknekkeren i 1956.

Balanchine sine oppsetjingar av Nøtteknekkeren i 1954 blei etter dette sett opp kvart einaste år i New York i julesesongen. Dette er hovudgrunnen til at denne balletten blei ein juletradisjon over heile USA.

I 1960-åra blei Balanchine djupt forelska i den unge og talentfulle Suzanne Farrell. Han skapte ei rekkje ballettar for henne, blant anna Don Quixote (med seg sjølv i rolla som Don og henne som Dulcinea), og Diamonds, ein del av balletten Jewels.

Romansen blei avgrensa av at Balanchine framleis var gift med Tanaquil Le Clercq og at Farrell var katolikk. Stillinga til Farrell i kompaniet forårsaka sterk misnøye. Nokre ballerinaer, som den tidlegare kona hans Maria Tallchief, sa opp og oppgav Farrell som årsak. Balanchine fekk skilsmisse frå LeClerc i Mexico berre for å oppdaga at Farrell hadde gifta seg med ein dansar frå New York City Ballet, Paul Meija. I 1970 forlét både Farrell og mannen hennar kompaniet. Dei reiste til Brussel og slutta seg til Maurice Bejarts dansekompani. Farrell kom tilbake til New York City Ballet i 1975.

George Balanchine blei tildelt Kennedy Center Honors Award i 1978, det første året etter at prisen blei oppretta.

I 1983 døydde han av Creutzfeldt-Jakobs sjukdom, ein diagnose som først blei stilt etter at han døydde. Dei fyrste symptoma viste seg i 1978 då han byrja å mista balansen medan han dansa. Etter kvart som sjukdomen utvikla seg blei balanseevna, synsevna og høyrsla dårlegare. I 1982 var han blitt ufør og døydde året etter, 79 år gammal. I dei siste åra av livet lei han òg av angina og gjekk gjennom ein hjarteoperasjon.[2]

Etter skilsmissa frå Tamara Geva, gift og skilde Balanchine seg endå tre gonger, alltide med dansarar: Vera Zorina (desember 1938–1946), Maria Tallchief (1946–1952), Tanaquil Le Clercq (1952–1969), og Alexandra Danilova (1926–1933).

Han etterlét seg ingen barn.

Koreografiar[endre | endre wikiteksten]

for Ballets Russes:

  • Le Chant du Rossignol (Nattergalens sang) (1925)
  • Jack in the Box (1926)
  • Pastorale (1926)
  • Barabau (1926)
  • La Chatte (1927)
  • Le Triomphe de Neptune (1927)
  • Apollo (1928)
  • The Prodigal son (1929)
  • Le Bal (1929)
  • Balustrade (1941)

for Ballets Russes de Monte-Carlo:

  • Cotillon (1932)
  • Concurrence (1932)
  • Danses Concertantes (1944/1972)
  • La Sonnambula (1946)

for Les Ballets:

for American Ballet:

  • Alma Mater (1934)
  • Les Songes (Dreams) (1934)
  • Mozartiana (1934)
  • Serenade (1935)
  • Errante (1935)
  • Reminiscence (1935)
  • Jeu de Cartes (Kortspillet eller Kortlaget) (1937)
  • Le Baiser de la Fée (Feens kyss) (1937)

for On Your Toes (ein musikkomedie av Richard Rodgers – Lorenz Hart):

  • Princess Zenobia Ballet (1936)
  • Slaughter on Tenth Avenue (1936) – (denne dramatiske balletten utgjer høgdepunktet i denne musikalen og er etter kvart blitt sett opp som ei sjølvstendig førestelling. Likevel er fleire av songnummera i tilstellinga vist med dans, særleg tittelnummeret).

for the American Ballet Caravan:

  • Encounter (1936)
  • Ballet Imperial (seinare omtalt some Ttsjaikovskijs Piano Concerto No. 2) (1941)
  • Concerto Barocco (1941)

for Ballet del Teatro de Colón:

  • Mozart Violin Concerto (1942)

for Ballet Russe de Monte Carlo:

  • Song of Norway (1944)
  • Danses Concertantes (1944)
  • Le Bourgeois gentilhomme (1944)
  • Pas de Deux (Grand'adagio) (1945)
  • The Night Shadow (1946)
  • Raymonda (1946)

for Ballet Theatre:

  • Waltz Academy (1944)

for Ballet Society:

  • The Four Temperaments (1946)
  • L'enfant et Les Sortilèges (Det fortryllede barn) (1946)
  • Haieff Divertimento (1947)
  • Symphonie Concertante (1947)
  • Orpheus (1948)

for Paris Opera Ballet:

  • Palais di Cristal (seinare kalla Symphony in C) (1947)

for Ballet Theatre:

  • Theme and Variations (1947)

for Grand Ballet du Marquis de Cuevas:

  • Minkus Pas De Trois (1948)

for the New York City Ballet:

  • La Sonnambula (1946)
  • Bourrée Fantasque (1949)
  • Ildfuglen (med Jerome Robbins) (1949)
  • Sylvia Pas De Deux (1950)
  • Svanesjøen (etter Lev Ivanov) (1951)
  • La Valse (1951)
  • Harlequinade (1952)
  • Harlequinade Pas De Deux (1952)
  • Scotch Symphony (1952)
  • Valse Fantaisie (1953/1967)
  • Nøtteknekkeren (1954)
  • Ivesiana (1954)
  • Western Symphony (1954)
  • Glinka Pas De Trois (1955)
  • Pas De Dix (1955)
  • Divertimento No. 15 (1956)
  • Allegro Brillante (1956)
  • Agon (1957)
  • Square Dance (1957)
  • Gounod Symphony (1958)
  • Stars and Stripes (en ballett i 5 "felttog") (1958)
  • Episodes (1959)
  • Tchaikovsky Pas de Deux (1960)
  • Monumentum pro Gesualdo (1960)
  • Donizetti Variations (1960)
  • Liebeslieder Walzer (1960)
  • Raymonda Variations (1961)
  • En midtsommernatts drøm (1962)
  • Bugaku (1963)
  • Meditation (1963)
  • Movements for Piano and Orchestra (1963)
  • Brahms-Schoenberg Quartet (1966)
  • Juveler (1967)
    • Emeralds
    • Rubies
    • Diamonds
  • La Source (1968)
  • Who Cares (1970)
  • Tchaikovsky Suite No. 3 (1970)
  • Stravinsky Festival (1972):
    • Pulcinella (med Jerome Robbins)
    • Stravinsky Violin Concerto
    • Symphony i 3 satser
    • Duo Concertant
    • Lost Sonata
    • Divertimento fra «Le Baiser de la Fée»
    • Choral Variations on Bach's «Vom Himmel Hoch»
    • Danses Concertantes
    • Scherzo Á La Russe
  • Cortège Hongrois (1973)
  • Coppélia (1974)
  • Variations Pour Une Porte Et Un Soupir (1974)
  • Ravel Festival (1975):
    • Sonatine
    • Tzigane
    • Le Tombeau de Couperin
    • Pavane
    • Shéhérazade
    • Gaspard de la Nuit
    • Rapsodie Espagnole
  • Den standhaftige tinnsoldat (1975)
  • Tzigane (1975)
  • Chaconne (1976)
  • Union Jack (1976)
  • Vienna Waltzes (1977)
  • Ballo della Regina (1978)
  • Kammermusik No. 2 (1978)
  • Robert Schumans Davidsbündlertänze (1980)
  • Walpurgisnacht Ballet (1980)
  • Tchaikovsky Festival (1981)
    • Garland Dance
    • Mozartiana
  • Stravinsky Centennial Celebration(1982)
    • Élégie

for New York City Opera:

  • Le Bourgeois Gentilhomme (1979)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Fred Astaire på Wikiquote
  2. Karlen, Arno. Man and Microbes. s. 195-196. ISBN 0684822709.