George Canning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
George Canning
George Canning by Richard Evans - detail.jpg
Fødd11. april 1770
London
Død8. august 1827
Chiswick
Statsborgar avDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
PartiTorypartiet
Yrkepolitikar, diplomat, advokat
InstitusjonarForeign Office
Utdanna vedChrist Church College
Eton College
MorMary Ann Costello
FarGeorge Canning
EktefelleJoan Canning, 1st Viscountess Canning
BarnCharles Canning, 1st Earl Canning, George Charles Canning, William Pitt Canning, Harriet Canning
MedlemRoyal Society
1st United Kingdom Parliament
2nd United Kingdom Parliament
3rd United Kingdom Parliament
4th United Kingdom Parliament
Storbritannias parlament, 1812-1818
6th United Kingdom Parliament
7th United Kingdom Parliament
Storbritannias 17. parlament
Storbritannias 18. parlament

George Canning (11. april 17708. august 1827) var ein britisk statsmann og tory-politikar som var medlem i fleire regjeringar leidd av ulike statsministrar. Dei siste fire månadane av livet var han sjølv statsminister i Storbritannia.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Canning var son til ein fallert forretningsmann, så det var med økonomisk stønad frå ein onkel at han kunne utdanne seg ved Eton College og Christ Church i Oxford. Frå 1793 gjekk Canning inn i politikken, og gjorde snøgt karriere. Under statsminister William Pitt den yngre var han 1800-01 lønningsmeister for dei militære styrkane og 1804-06 skattemeister for marinen.

Frå mars 1807 til oktober 1809 var Canning utanriksminister under den sjuklege William Cavendish-Bentinck. Dermed vart Canning den leiande figuren i regjeringa. Han stod såleis bak kapringa av den danske flåten i 1807, eit tiltak som sikra britisk herredømme på havet i striden mot Napoleon. I 1809 vart han såra i ein duell mot sin personlege fiende Lord Castlereagh. Kort etter måtte han sjå at Spencer Perceval fekk statsministerposten då Cavendish-Bentinck gjekk av.

I statsminister Robert Jenkinson (lord Liverpool) si styringstid, gjorde Canning teneste som ambassadør i Portugal 1814-16 og sjefskontrollør av det britiske ostindiakompaniet 1816-21. Frå 1822 til -27 var han utanriksminister og samstundes leiar av underhuset. Ettersom kongen mislikte Canning, prøvde han å svekke utanrikspolitikken hans. Men Canning lukkast byggje brei offentleg støtte for ein politikk som sikra viktige fordelar til britiske handelsmenn utanlands, mellom anna ved å støtte opp om USA og Monroedoktrinen.

Canning var sterkt imot det statssystemet dei konservative europeiske maktene la grunnen for gjennom Wien-kongressen i 1815. Han arbeidde for å svekke dette systemet, og utvikla ein utanrikspolitikk som Storbritannia skulle fylgje gjennom mange tiår. Denne hevda at kvart land skulle utvikle sitt styresett utan innblanding utafrå, sikre maktbalansen mellom dei ulike rika og dessutan krav om at statane retta seg etter overnasjonale avtalar. Sentralt i politikken låg også oppfatninga om at Europas herredømme enda ved atlanterhavskysten, og Englands makt tok til ved same.

Då lord Liverpool gjekk av som statsminister i april 1827, vart Canning vald til ny statsminister, framfor hertugen av Wellington og sir Robert Peel. Begge desse sistnemnde nekta å verte statsrådar i Canning-regjeringa. Tory-partiet vart dermed splitta mellom Peel og Wellington sine ultra-toryar og dei såkalla canningittane. Canning tok i staden fleire whiggar med i regjeringa. Men helsa hans svikta, og han døydde allereie i august 1827, etter einast 119 dagar i embetet, den til denne dag kortaste tenestetida til nokon britisk statsminister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]