George Grantham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Grantham
Fødd20. januar 1947 (75 år)
FødestadCordell i Oklahoma
OpphavUSA
SjangerCountryrock
Instrumentvokal
Tilknytte artistarPoco, Steve Wariner, Ricky Skaggs, Ronnie McDowell
Verka somTrommeslagar og vokalist

George Grantham (fødd 20. november 1947)[1] er ein USA-amerikansk trommeslagar og vokalist, mest kjend for arbeidet sitt i countryrockbandet Poco.

Grantham og pedalsteelgitarist Rusty Young var medlemmer i det Denver-baserte psykedeliske rockebandet Boenzee Cryque då Young slutta i bandet i midten av 1968 for å flytte til Los Angeles. Der vart han kjend med Buffalo Springfield-medlemmane Richie Furay og Jim Messina, medan dei var i ferd med å avslutte det siste albumet til bandet.[1]

Då Buffalo Springfield vart oppløyst, slo Furay, Messina og Young seg saman for å skape eit nytt band, kalla Poco. Bandet trengde ein trommeslagar og Young føreslo Grantham. Grantham kunne òg syngje korvokal og vart ein viktig del av harmonivokalstilen til bandet.[1]

Grantham spelte i forskjellige besetningar av Poco fram til 1977, og deltok på ti studioalbum og to konsertalbum. Han kom attende i bandet i 1985, før han igjen slutta i 1990. Nok ein gong kom han attende i 2000, men slutta etter han fekk slag i 2004[1] og var etter det berre med på somme konsertar på vokal.

I tida då han ikkje spelte i Poco, spelte Grantham mellom andre med Ricky Skaggs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Eder, Bruce. George GranthamAllmusic. Henta 11. oktober 2020.