George Green

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Green
Fødd14. juli 1793
Nottingham
Død31. mai 1841
Nottingham
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Områdematematisk analyse, matematikk, fysikk, optikk, akustikk, hydrodynamikk
Yrkematematikar, fysikar
InstitusjonarGonville and Caius College
Alma materUniversity of Cambridge
Gonville and Caius College

George Green (14. juli 179331. mai 1841) var ein britisk matematikar.

Green si vindmølle

Green starta som møllar i forretninga til faren og lærte seg matematikk på eiga hand. Han skreiv fleire større avhandlingar i bruksmatematikk, særleg om elektrisitetslære, magnetisme og væskedynamikk, og vert rekna som ein av grunnleggarane av potensial-teorien. Namnet hans er òg knytt til den viktige greenske integralsatsen, som gjev samanhengen mellom dobbelintegral over eit område i planet og linjeintegral over grensa til det same området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]