George Kooymans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
George Kooymans
George Kooymans - Golden Earring - 1974.jpg
Kooymans i 1974
Fødd11. mars 1948 (74 år)
FødestadHaag
FødenamnGeorge Jan Kooymans
OpphavKongeriket Nederlanda
Aktiv1961–
Sjangerhardrock
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somsongar, musikkprodusent, gitarist, komponist, skribent, låtskrivar
PrisarZilveren Harp

George Jan Kooymans (fødd 11. mars 1948) er ein nederlandsk gitarist og songar. Han er mest kjend for arbeidet sitt med den nederlandske rockgruppa Golden Earring, som vart skipa av Kooymans då han var berre 13 år gammal i 1961 i lag med venen Rinus Gerritsen.[1] Kooymans skreiv «Twilight Zone», den einaste topp 10-singelen deira på amerikanske Billboard Hot 100. Songen gjekk òg til topps på Billboard Top Album Tracks-lista.[2]

Kooymans skreiv og produserte òg for andre artistar. I 2017 og 2018 gav han ut to album som medlem av Vreemde Kostgangers, ei nederlandskspråkleg supergruppe han skipa med Henny Vrienten (bassist i Doe Maar) og visesongaren Boudewijn de Groot.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Jojo (1971)
  • Solo (1987)
  • On Location (som Kooymans-Carillo med Frank Carillo) (2010)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Lovin' and Hurtin'» / «For Gail» 1971
  • «Lost For Love» / «The Devil Rides Again Tonight» 1987
  • «The Beat Goes On» / «Again» 1987
  • «World of Our Own» / «All Things Are Light» 1987

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Huey, Steve. «Biography: George Kooymans». Allmusic. Henta 23. november 2019. 
  2. Whitburn, Joel (2010). The Billboard Book of Top 40 Hits',' 9th Edition (Billboard Publications), page 259.