George Powell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

George Powell (fødd 1794 i London, daud 1824Tonga)[1] var ein britisk selfangar, oppdagarar og amatørnaturalist. I 1821 og 1822 var han kaptein på ein selfangstekspedisjon til Sør-Shetlandsøyane. Under denne ekspedisjonen produserte han særs nøyaktige kart basert på observasjonane hans av nordkysten av øygruppa og andre sine observasjonar av sørkysten.[2] 6. desember 1821, som kaptein på sluppen «Dove», oppdaga han Sør-Orknøyane i lag med amerikanaren Nathaniel Palmer, og namngav dei etter kong Georg IV.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John Stewart: Antarctica – An Encyclopedia. Vol. 1, McFarland & Co., Jefferson and London 2011, ISBN 978-0-7864-3590-6, p. 1244.
  2. 2,0 2,1 Headland, Robert K. (1989). Chronological list of Antarctic expeditions and related historical events. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-30903-5. OCLC 185311468.