George Rhoden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Rhoden
Statsborgarskap Jamaica
Fødd 13. desember 1926 (97 år)
Kingston på Jamaica
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

Vincent George Rhoden (fødd 13. desember 1926) er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 400 meter og i 4 x 400 meter stafett under Sommar-OL 1952 i Helsinki.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rhoden deltok for Jamaica då Sommar-OL 1948 fann stad i London. På 400 meter hadde han den beste semifinaletida av dei seks som ikkje nådde finalen. Han sprang så den tredje etappen på Jamaicas lag i 4 x 400 m stafett, men ettersom ankermann Arthur Wint fekk muskelstrekk og braut, rauk ein ganske viss medalje.

Åra 1949, 1950 og 1951 vann Rhoden 440 yards under AAU-meisterskapen i USA. Den 22. august 1950 sette Rhoden ny verdsrekord på 400 meter med tida 45,8 ved eit stemne i Eskilstuna.

Under dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsinki vann Rhoden gullmedaljen på 400 meter etter ein tett og hard kamp med landsmannen Herb McKenley. Begge fekk den offisielle tida 45,9 sekundar, elektronisk tid vart målt til respektive 46,09 og 46,24. I 4 x 400 m stafett spurta Rhoden som ankermann forbi Mal Whitfield frå USA og sikra jamaicansk gull på verdsrekord 3.03,9, USA fekk 3.04,0 i sluttida. Arthur Wint, Les Laing og Herb McKenley sprang dei fyrste etappane for Jamaica.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. Oslo 1957.