George Romney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Romney

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 15. desember 1734
Dalton-in-Furness
Død

15. november 1802 (67 år)
Kendal

Yrke kunstmålar, portraitist
Sjanger portrett, historiemåleri, allegori, mytologisk maleri
Far John Rumney
Mor Ann Simpson
Born John Romney
George Romney på Commons
Sjølvportrett
Emma Hamilton som Kirke

George Romney (26. desember 173415. november 1802) var ein britisk portrettmålar frå Dalton-in-Furness i Lancashire.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Romney var son til ein møbelsnikkar. I 1755 reiste han til til småbyen Kendal for å gå i lære hos den lokale målaren Christopher Steele. Våren 1762 flytta han til London, der verka hans vart lagt merke til. Hausten 1764 hadde han råd til å ta seg ein kortare studietur til Frankrike.

Det store gjennombrotet for Romney kom med eit bilete av familien til parlamentsmedlemen George Warren i 1769. Med tryggare økonomi kunne ta opp konkurransen med Joshua Reynolds og Thomas Gainsborough om dei mest lønsame oppdraga. I tida 1773-75 reiste han i Italia saman med venen og kollegaen Ozias Humphrey for å studere kunst i Roma og Parma. Sterkast inspirasjon fekk han av Peter Paul Rubens og Correggio sine verk.

Romney var mest kjend som målar av elegante kvinneportrett, mellom av Emma Hamilton, som han frå 1782 av potretterte over 60 gongar. Elles måla han mange mytologiske og poetiske figurbilete.

Han budde i London til 1799. Tre år seinare døydde han i Kendal, der kona budde alle dei åra han sjølv heldt hus i London.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: George Romney

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store norske leksikon.