George S. Robertson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Medaljeoversikt
Tevla for eit Flagget til Olympiske leikar blanda lag
Tennis
Bronse Sommar-OL 1896 Dobbel

George Stuart Robertson (fødd 25. mai 1872 i London, død 29. januar 1967 i London) var ein britisk friidrettsutøvar og tennisspelar.

Robertson vart utdanna ved New College[1] i Oxford, der han hadde vunne Gaisford Prize for greske vers i 1894 og Oxford Blue for hammarkast.

Sommar-OL 1896[endre | endre wikiteksten]

Han betalte elleve pund for å reise til Aten for å delta i sommar-OL 1896. Sidan hammarkasting ikkje var ei olympisk grein prøvde han kulestøyt og diskos i staden for.[2]

I diskos enda han på fjerdeplass med eit kast på 25,20 meter. Dette er det svakaste resultatet i diskos under OL nokon gong.[2] I tennis singel vart Robertson slått ut i fyrste runde. I tennis dobbel samarbeida han med australske Edwin Flack. Dei vann bronse for blanda lag.[3] Robertson hadde forfatta ein odegamalgresk som han deklamerte under avslutningsseremonien.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]