George Sand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George Sand måla av Eugène Delacroix.

Amandine Aurore Lucile Dupin, seinare baronesse Dudevant (1. juli 18048. juni 1876) var ein fransk forfattar og tidleg feminist som skreiv under løyndenamnet George Sand.

Den første romanen hennar, Rose et Blanche (1831), skreiv ho saman med Jules Sandeau, som skal ha inspirert etternamnet i psevdonymet hennar. I tillegg til romanar og noveller skreiv ho òg teaterstykke, litteraturkritikk og sjølvbiografiske og politiske tekstar.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

George Sand blei født i Paris med aristokratisk avstamming frå farssida, medan mora kom frå «folket». I 1822 gifta ho seg med baron Casimir Dudevant og fekk to ungar, Maurice (født 1823) og Solange (født 1828). Ho skilde seg frå mannen og tok med seg ungane i 1835.

Som fri kvinne vekka ho oppsikt ved å kle og te seg som ein mann, noko som tok frå henne mange adelsprivilegium, men òg let henne oppsøka stader i Paris som kvinner av hennar rang normalt ikkje vitja. Ho hadde fleire kjærleiksforhald med kunstnarar som Prosper Mérimée, Alfred de Musset, Franz Liszt og Frédéric Chopin.

Store delar av barndommen hadde George Sand budd hjå bestemora på familieeigedommen Nohant i departementet Indre, ein stad som skulle bli bakgrunn for mange av romanane hennar. Det var også her ho døydde, 72 år gammal, og blei gravlagd på den lokale kyrkjegarden. I 2004 blei det gjort framlegg om å flytta leivningane hennar til Panthéon i Paris, men dette er mange ueinige i.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]