George Stephens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
George Stephens
George Stephens.jpg
Fødd13. desember 1813
Liverpool
Død9. august 1895
København
NasjonalitetEngland, Storbritannia, Sverige, Danmark
Yrkeantropolog, lingvist, filolog, runologist, arkeolog, barnebokforfattar, antikvar, eventyrsamlar
InstitusjonarKøbenhavns Universitet
Alma materUniversity College London
MedlemKungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

George Stephens (fødd 13. desember 1813 i Liverpool, død 9. august 1895 i København) var ein engelsk arkeolog og filolog som det meste av livet arbeida i Norden, spesielt med å tolke runeinskripsjonar.

Stephens var son til presten John Stephens og hustrua Rebecka Eliza Rayner. Han studerte ved University College London. I 1834 gifta han seg med Mary Bennett og flytta til Sverige, der han studerte nordisk litteratur og folkeminne frå mellomalderen. Ei samling av eventyr han gjorde saman med Gunnar Olof Hyltén-Cavallius blei til ei bok som kom ut fyrste gong i 1844, og deretter i stadig nye opplag. Stephens flytta seinare til Danmark der han blei forelesar i engelsk språk og litteratur ved Københavns Universitet i 1851. I 1855 blei han professor her. Han gav jamleg ut det engelske tidsskriftet The Gentleman's Magazine. Mot det som ofte blir hevda så oppdaga han ikkje det angelsaksiske fragmentet av diktet Waldere, men han var den fyrste som gav det ut i omsetjing og original tekst (København i 1860). I 1877 gjorde Uppsala universitet han til doctor honoris causa, æresdoktor.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bihang till Frithiofs Saga, episk dikt af Es. Tegnér 1841, på engelsk: Frithiofs Saga a Legend of the North by Es. Tegnér
  • Conversational outlines of English grammar : intended as an easy introduction to that language... (Stockholm, 1837).
  • Förteckning öfver de förnämsta brittiska och fransyska handskrifterna uti Kongl. bibliotheket i Stockholm (Stockholm, 1847)
  • Svenska folksagor och äfventyr, saman med G. O. Hyltén-Cavallius. 1844-1849, illustrert utgave i 1875.
  • Revenge, or Woman's Love: a melodrama in five acts (Copenhagen and London, 1857) (Den svenske kongen Erik Seiersæl er ein av hovudpersonane)
  • The rescue of Robert Burns, February 1759 (Cheapinghaven (= København), 1859)
  • The Old-Northern runic monuments of Scandinavia and England, 4 volumes (London og København i 1866–1901)
  • Old Norse fairy tales (1882)
  • The runes : whence came they (London, 1894)