George V Coast
George V Coast (Koordinatar: ) er den delen av kysten av Antarktis som ligg mellom Point Alden, ved 148°2′E, og Cape Hudson, ved 153°45′E. Han vart utforska av medlemmar av Main Base-laget under Australasian Antarctic Expedition (1911–14) leia av Douglas Mawson, som namngav kysten etter kong Georg V av Storbritannia.[1]
Landområdet innanfor kysten, langs dei same meridianane, vert kalla George V Land. Mertz Glacier ligg i dette område.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «George V Coast». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 15. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «George V Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).