George Vancouver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George Vancouver
Probably George Vancouver from NPG.jpg
Fødd 22. juni 1757
King's Lynn
Død

10. mai 1798
Petersham

George Vancouver på Commons

George Vancouver (22. juni 175710. mai 1798) var ein engelsk sjøoffiser og oppdagar. Han blei berre 41 år gammal og døydde i 1798, men rakk likevel å få namnet sitt i historia.

Vancouver blei fødd i King's Lynn i England i 1757. I 13-årsalderen gjekk han inn i marinen og deltok på James Cook sin andre og tredje ekspedisjon jorda rundt. I 179] leia han ein ekspedisjon som utforska Nord-Amerika sin stillehavskyst. Han brukte tre år på denne oppgåva.

George Vancouver var den første som sigla rundt den store øya Vancouver Island, som saman med byen Vancouver seinare skulle bli kalla opp etter han. Eigenleg stammar namnet frå van Coevorden, ei slekt frå byen Coevorden i nordaustre Nederland.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]