Hopp til innhald

George William Russell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George William Russell

Pseudonym Æ, AE
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Den irske fristaten, Storbritannia
Fødd 10. april 1867
Lurgan
Død

17. juli 1935 (68 år)
Bournemouth

Yrke lyrikar, kunstmålar, skribent, journalist, manusforfattar
Ektefelle Violet Russell
Signatur
George William Russell på Commons

George William Russell (10. april 186717. juli 1935) var ein irsk forfattar, kritikar og målar. Han skreiv under pseudonymet Æ. Russell var tilhengar av den irske nasjonalistiske rørsla. Han var også interessert i mystisisme, og var ein sentral peroson i ei teosofigruppe som kom saman i Dublin i mange år.

Russell fekk utdanning ved Rathmines School og ved Metropolitan School of Art, der han grunnla eit livslangt, om av og til stormande, vennskat med W.B. Yeats.[1]

Russell nytta pseudonymet AE, eller rettare Æ, avleidd frå Æon, som stod for det livslange strevet til mennesket.

Den fyrste diktsamlinga hans, Homeward: Songs by the Way (1894), etablerte han som ein del av det som er blitt kjend som Irish Literary Revival. Æ møtte den unge James Joyce i 1902, og introduserte han for andre irske litterære figura, som William Butler Yeats. Han opptrer som litterær figur i «Scylla and Charybdis»-episoden i Joyce sitt verk Ulysses, der han forkastar Stephen Dedalus sine teoriar om Shakespeare. Dedalus låner pengar av han, og seier: «A.E.I.O.U.».

Dei samla dikta hans kom ut i 1913, med ei andre utgåve i 1926.

Byste av George William Russell i Merrion Square i Dublin
  • Homeward Songs by the Way (Dublin: Whaley 1894)
  • The Earth Breath and Other Poems (NY&London: John Lane 1896)
  • The Nuts of Knowledge (Dublin: Dun Emer Press, 1903)
  • The Divine Vision and Other Poems (London: Macmillan; NY: Macmillan 1904)
  • By Still Waters (Dublin: Dun Emer Press 1906)
  • Deirdre (Dublin: Maunsel 1907)
  • Collected Poems (London: Macmillan 1913, 2. utg. 1926)
  • Gods of War, with Other Poems (Dublin: priv. 1915)
  • Imaginations and Reveries (Dublin & London: Maunsel 1915)
  • Candle of Vision: Autobiography of a Mystic (London: Macmillan, 1918)
  • Voices of the Stones (London: Macmillan, 1925)
  • Midsummer Eve (NY: Crosby Gaige 1928)
  • Enchantment and Other Poems (NY: Fountain; London: Macmillan 1930);
  • Vale and Other Poems (London: Macmillan 1931)
  • Song and Its Fountains (London: Macmillan 1932)
  • Verses for Friends (Dublin: Printed for the writer 1932)
  • The House of Titans and Other Poems (London: Macmillan 1934)
  • Selected Poems (London: Macmillan 1935).
  • The Interpreters (1922)
  • The Avatars (1933)
  • AE in the Irish Theosophist (1892–97)
  • The Hero In Man (The Orpheus Press 1910)
  • The Renewal of Youth (The Orpheus Press 1911)
  • Ideals of the New Rural Society, in: Horace Plunkett, Ellice Pilkington, George Russell (AE), The United Irishwomen - Their place, work and ideals. With a Preface by Rev. T. A. Finlay (Dublin: Maunsel 1911
  • Co-operation and Nationality: A guide for rural reformers from this to the next generation (Dublin: Maunsel 1914 )
  • The National Being: Some Thoughts on an Irish Polity (Dublin: Maunsel 1916)
  • The Candle of Vision (London: Macmillan 1918)
  • The Inner and the Outer Ireland ( Dublin, Talbot Press, 1921) (Pamphlet)
  • Song and Its Fountains (1932)
  • The Living Torch (1937)

Galleri av måleria til Russell

[endre | endre wikiteksten]
  1. Boylan, Henry, A Dictionary of Irish Biography, s. 384, 3. utg. (1998) ISBN 0-7171-2507-6
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.