George Woods
| George Woods | |
| Statsborgarskap | USA |
| Fødd | 11. februar 1943 Portageville |
| Død | 30. august 2022 (79 år) Edwardsville |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972 |
George Woods (11. februar 1943–30. august 2022) var ein USA-amerikansk kulestøytar frå Sikeston i delstaten Missouri som vann sølvmedaljen i øvinga både under sommarleikane 1968 i Mexico-byen og i 1972 i München, i den siste tevlinga vart han slått av olympiameisteren Władysław Komar med ein centimeter.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]OL-sesongen 1968 sette Woods personbeste med 20,75 meter i Honolulu. I Sommar-OL i oktober 1968 i Mexico kneip Woods sølvmedaljen med 20,12 m, tre centimeter føre Eduard Gusjtsjin frå Sovjetunionen. Favoritten Randy Matson vart olympiameister med 20,54 m.
I 1972 kom Woods tilbake i verdseliten og sette personleg rekord med 21,38 meter i Compton den 4. juni. Under sommarleikane i München i byrjinga av september låg han på sjetteplass etter tre omgangar med 20,71 m. I den fjerde omgangen auka han til 21,17 m og sikra seg sølvmedaljen i ei rekordjamn tevling der det skilde 4 cm frå fyrste til fjerdeplass. Polske Władysław Komar sigra med ein margin på 1 centimeter til Woods.
Woods sette seks innandørs verdsrekordar i kulestøyt. Lengst støytte han 8. februar 1974 med 22,02 meter. Det var 20 cm lengre enn den dåverande verdsrekorden utandørs tilhøyrande landsmannen Al Feuerbach. Utandørs nådde Woods som lengst 21,63 meter i Modesto den 22. mai 1976. I dei [[Friidrett under Sommar-OL 1976|olympiske leikane i Montreal vart han sjuandemann med 20,26 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «George Woods (athlete)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2018.
- Einskildmenn
- Fødde i 1943
- Døde i 2022
- Kulestøytarar frå USA
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1968
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1972
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1972
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1976
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976