Georgernes Verft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Georgernes Verft var eit skipsverft i Bergen, grunnlagt av Jørgen (Georg) Brunchorst og Georg Ferdinand Vedeler i strøket som i dag heiter Verftet ved Puddefjorden nedanfor Fredriksberg festning i 1784. Verftet vart seinare kalla Dekkedokken (i daglegtale Dikkedokken).

Verftet ligg i dag i blindgata vest for Verftstrappen og husar i dag Kulturhuset USF.

Namnet Dekkedokken kjem frå skipsbyggmeisteren Annanias Dekke som dreiv Georgernes Verft i 40 år. Det var på den tida eit av dei største skipsbyggeria i landet med kring 300 tilsette. Her vart det bygd skonnertar, briggar og barkskip, i tillegg til dampskip av tre. Overgangen til dampskip i 1870-åra førte likevel til mindre verksemd. Dekkedokken synte til ein tørrdokk som ble oppført 1871 i samarbeid med Bergens Dokkompani. Dokken blei utvida fleire gonger og leigd ut til andre verft og verkstader. Enka og sonen dreiv verftet etter Dekke døydde.

Verftet vart nedlagt i 1909.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]