Hopp til innhald

Georges Danton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georges Danton

Fødd26. oktober 1759
Arcis-sur-Aube
Død5. april 1794 (34 år)
Statsborgar avFrankrike
Yrkeadvokat, revolusjonær, politikar
EktefelleAntoinette Gabrielle Danton, Louise Sébastienne Danton
MedlemComité de salut public
Alle verv
  • president av nasjonalkonventet (17931793)
  • deputy to the National Convention (17921795)
  • député de la Seine
  • Frankrikes justisminister Sjå dette på Wikidata

Georges-Jacques Danton (26. oktober 17595. april 1794) var ein fransk advokat og politikar som hadde ei leiande rolle under den franske revolusjon.[1]

Danton var fødd i Arcis-sur-Aube i provinsen Champagne nordaust i Frankrike. Foreldra hans var Jacques Danton, ein respektabel, men ikkje velståande advokat, og Madeleine Camus. Som liten blei han angripen av ein okse, og nokre få år seinare smitta av koppar, slik at fjeset hans blei misforma og arrete.[2]

I 1780 slo han seg ned i Paris, der han blei kontorarbeidar for skrankeadvokaten Maître Vinot.[3] I 1783 bestod han eksamen for å bli skrankeadvokat i Reims, og i 1787 blei han medlem av Conseil du Roi.[4][5]

Han byrja gå på ein kafé kjend som Parnasse. Her møtte han Antoinette Gabrielle Charpentier, som han gifta seg med 14. juni 1787 i kyrkja Saint-Germain-l'Auxerrois.[6] Paret fekk fire søner; den siste av desse var dødfødd, og mora døydde også i barsel i 1793.

Revolusjonen

[endre | endre wikiteksten]

Våren 1789 var Danton ein av mange folk som tala til folkemengda ved Palais Royal.[7] Han blei kjend for den sterke stemma og talegåvene sine, og fekk kallenamnet ‘Toraren’.[8] Etterkvart som den franke revolusjonen skreid fram blei Danton ein leiar for militsen i lokalområdet sitt, Cordeliers.[9][10] 27. april 1790 blei han president for Cordelierklubben.

Frå hausten 1793 var Danton ein leiar for dei moderate som tala mot det revolusjonære diktaturet. I mars 1794 heldt han ein triumferand tale der han erklærte enden på Terrorveldet.[11]

30. mars blei Danton og støttespelarane hans Camille Desmoulins, Marie-Jean Hérault de Séchelles og Pierre Philippeaux arresterte. Dei blei stilte for retten og skulda for konspirasjon med grev Mirabeau, Marquis de Lafayette, hertugen av Orléans og Dumouriez.[12] Ifølgje Robespierre hadde dantonistane slutta å vera verkelege patriotar som i staden prioriterte personlege og utanlandske interesser over velferda til nasjonen.[13] Skuldingar om tjuveri, korrupsjon og skandalen kring avviklinga av Det franske austindiske kompaniet bidrog alle til å fella Danton.[14] Rettssaka hadde likevel meir eit politisk enn eit kriminelt preg.[13] Danton og dei andre tiltalte blei funne skuldige for forræderi og dømde til døden. Ei gruppe på femten blei avretta med giljotin 5. april 1794, Hérault de Séchelles og Danton sist. Han skal ha sagt til avrettaren, Sanson: «Vis hovudet mitt til folket. Det er vel verdt å sjå.»

  1. «Georges_Jacques_Danton» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Hibbert, Christopher (1980). The French Revolution. Penguin UK. s. 384. ISBN 978-0141927152.
  3. Lawday, David (12. juli 2011). The Giant of the French Revolution: Danton, A Life. Grove Press. s. 19. ISBN 978-0802145413.
  4. Lawday, David (12. juli 2011). The Giant of the French Revolution: Danton, A Life. Grove Press. s. 28. ISBN 978-0802145413.
  5. Hampson, Norman (1988). Danton. New York: Basil Blackwell. s. 19–25.Mal:ISBN?
  6. Lawday, David (12. juli 2011). The Giant of the French Revolution: Danton, A Life. Grove Press. s. 29. ISBN 978-0802145413.
  7. Lawday, David (12. juli 2011). The Giant of the French Revolution. Grove Press. s. 37–38. ISBN 978-0802145413.
  8. Lawday, David (12. juli 2011). The Giant of the French Revolution: Danton, A Life. Grove Press. s. 45. ISBN 978-0802145413.
  9. Lawday, David (July 12, 2011). The Giant of the French Revolution: Danton, A Life. Grove Press. s. 49–52. ISBN 978-0802145413.
  10. S. Schama (1989) Citizens, p. 452
  11. Schama 1989, s. 816-817.
  12. Manuel général de l'instruction primaire, 1 janvier 1911
  13. 1 2 Le Siècle, 5 février 1898, p. 5/6
  14. W. Doyle (1990) The Oxford History of the French Revolution, pp. 272–74.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Georges Danton