Georgia on My Mind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Georgia on My Mind
Singel av Hoagy Carmichael and his Orchestra
B-side One Night in Havana
Utgjeve 1930
Innspelt 15. september 1930
Studio 155 E 24th Street, New York City
Sjanger Tradisjonell pop
Selskap Victor
Komponist Hoagy Carmichael
Tekstforfattar Stuart Gorrell

«Georgia on My Mind» er ein song frå 1930 skriven av Hoagy Carmichael og Stuart Gorrell og først spelt inn det året. Han er ofte assosiert med Ray Charles, som var fødd i Georgia, og som spelte inn songen i 1960 for albumet The Genius Hits the Road. I 1979 vart Ray Charles-versjonen av songen den offisielle statssongen til staten Georgia.[1][2]

Bakgrunn og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Det er sagt at Hoagy Carmichael skreivsongen om systera si, Georgia.[3] Men Carmichael skreiv i den andre sjølvbiografien sin Sometimes I Wonder at saksofonisten Frankie Trumbauer hadde bede han om å skrive ein song om staten Georgia. Han skal på spøk ha bidrege frivillig med dei to første orda, «Georgia, Georgia...», som Carmichael enda opp å bruke då han arbeidde på songen med romkameraten sin , Stuart Gorrell, som skreiv teksten.[4][5] Namnet til Gorrell finst ikkje på opphavsretten til songen, men Carmichael sende han royalty likevel.[4]

Carmichael spelte inn «Georgia on My Mind», med Bix Beiderbecke på kornet, i New York City den 15. september 1930.[4]

Ray Charles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Georgia on My Mind
Singel av Ray Charles
frå albumet The Genius Hits the Road
B-side Carry Me Back to Old Virginny
Utgjeve September 1960
Innspelt Mai 1960
Sjanger Soul, tradisjonell pop
Lengd 3:36
Selskap ABC-Paramount
Komponist Hoagy Carmichael
Tekstforfattar Stuart Gorrell
Produsent Sid Feller
Ray Charles-kronologi
«Tell the Truth»
(1960)
Georgia on My Mind «Ruby»
(1960)


Ray Charles, som var frå Georgia, spelte inn ein versjon som gjekk til topps på Billboard Hot 100.[4]

TV-serien Designing Women, som nytta ein instrumentalversjon av «Georgia on My Mind» som kjenningsmelodi, hadde med Charles om framførste versjonen sin av songen på piano medan rollebesetninga ser på under opninga av den sjette sesongen, som gjekk på lufta i 1991-1992.

I 2003 rangerte Rolling Stone Ray Charles-versjonen av «Georgia on My Mind» på 44. plassen over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4][6]

Liste (1960–61) Plassering
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[7] 47
UK Singles (Official Charts Company)[8] 24
US Billboard Hot 100[9] 1
Liste (2013) Plassering
Frankrike (SNEP)[10] 117

The Hawks/The Band-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Songen vart framført av Ronnie Hawkins and The Hawks[4] der han vart sungen av pianisten Richard Manuel etter 1964. Då The Hawks var oppløyst og The Band vart skipa, heldt dei fram å spele inn songen. Dei spelte inn ein studioversjon av songen i høve presidentkampanjen til Jimmy Carter i 1976. Han kom ut på singel det året og i 1977 på albumet Islands.[11]

Willie Nelson-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Willie Nelson spelte inn songen[4]Stardust, eit album frå 1978 med standardsongar. Songen kom ut på singel og gjekk til topps på countrysingellista i USA i 1978 og låg seksten veker inne på denne lista.[12]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
US Country Songs (Billboard)[13] 1
US Billboard Hot 100[14] 84
Canadian RPM Country Tracks 1
Canadian RPM Top Singles 86
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 16

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Georgia Secretary of State | State Song». Archive.org/Georgia Secretary of State. 5. september 2008. Arkivert frå originalen 5. september 2008. Henta 15. september 2020. 
  2. «History – Joint Resolution of the Georgia General Assembly designating «Georgia on My Mind» – GeorgiaInfo». georgiainfo.galileo.usg.edu. 24. april 1979. Henta 3. juni 2017. 
  3. Fox, Cen. «Georgia On My Mind by Ray Charles in Georgia». Song Places. Henta 15. september 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Gioia, Ted (2012). The Jazz Standards: A Guide to the Repertoire. New York City: Oxford University Press. s. 122–124. ISBN 978-0-19-993739-4. 
  5. Carmichael, Hoagy; Longstreet, Stephen (1976). Sometimes I Wonder: The Story of Hoagy Carmichael (Repr. d. Ausg. New York 1965. utg.). New York: Da Capo. ISBN 9780306708091. 
  6. «500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. 7. april 2011. Henta 15. september 2020. 
  7. "Ultratop.be – Ray Charles – Georgia on My Mind" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  8. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  9. "Charles?f=379&g=Singles Ray Charles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Ray Charles. Prometheus Global Media.
  10. "Lescharts.com – Ray Charles – Georgia on My Mind" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  11. Morris, Chris, Liner Notes to Islands CD release 
  12. «Georgia on My Mind (song by Willie Nelson)». musicvf.com. 27. mai 1978. Henta 15. september 2020. 
  13. "Nelson?f=357&g=Singles Willie Nelson Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Willie Nelson. Prometheus Global Media.
  14. "Nelson?f=379&g=Singles Willie Nelson Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Willie Nelson. Prometheus Global Media.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]