Geotermometri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Geotermometri er å avgjere temperaturane som geologiske prosessar skjer ved, anten ved direkte eller indirekte metodar.

Ein kan til dømes avgjere kva for nokre temperaturvilkår mineral og bergartar har krystallisert, ved hjelp av såkalla geologiske termometer. Ein kan nytte samansettinga og strukturtilstanden hos enkelte mineral eller mineralpar og karakteristiske assosiasjonar av mineral, der ein kjenner forholdet mellom temperatur og trykk hos desse.

Homogeniseringstemperaturen for væske- eller gass-innesluttingar i mineral kan nyttast som geologisk termometer.

Geobarometri[endre | endre wikiteksten]

Geobarometri tyder på same måte å avgjere trykktilhøva som eit mineral eller ein bergart er danna ved, på bakgrunn av studiar over trykkfølsomme reaksjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«geotermometri» i Store norske leksikon, snl.no.