Geovekst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Geovekst er eit samarbeid som skal sørgje for at geografisk informasjon vert samla inn éin gong og heldt ajour av éin etat, men skal kunne brukast av mange etatar. Samarbeidet vart etablert i 1992 mellom etatane Statens vegvesen, Energiforsyingens Fellesorganisasjon, Kommunenes Sentralforbund, Statens kartverk, Telenor og Landbruksdepartementet.

Målsettinga er å gjennomføre felles kartleggingsprosjekt og gjennom samfinansiering sikre at kartleggingsarbeidet blir rimelegare for kvar av partane. For at alt lokalt kartleggingsarbeid skal kunne brukast av andre partar i samarbeidet, er det utvikla felles standardar for digital kartlegging. Det er Statens kartverk som koordinerer geodatasamarbeidet og som har sekreariatet for Geovekst i Noreg.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]