Gerard Manley Hopkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gerard Manley Hopkins
GerardManleyHopkins.jpg
Fødd 28. juli 1844
London
Død

8. juni 1889
Dublin

Gerard Manley Hopkins på Commons

Gerard Manley Hopkins (28. juli 18448. juni 1889) var ein engelsk lyrikar og jesuittprest som er kjend for sine innovative eksperiment med metrikk og talespråk-basert rytmikk (som han sjølv kalla Sprung rhythm) i ei tid da den tradisjonelle verseforma dominerte. Dikta hans er òg kjende for eit inderleg religiøst uttrykk.

Slekta til Hopkins kom frå Wales, men han var fødd og voks opp i London der faren grunnla eit marint forsikringsselskap. Sinologen Lionel Charles Hopkins var Gerard Manley sin bror. Hopkins studerte ved Balliol College, University of Oxford og blei i studietida tilhengar av Edward Bouverie Pusey og slutta seg til Oxfordrørsla. I Oxford blei han ven med Robert Bridges, som fekk mykje å seie for Hopkin si utvikling som diktar. I 1866 følgde han eksempelet til John Henry Newman og konverterte til katolisismen. To år seinare gjekk han inn i jesuittordenen, og etter dette skreiv han ikkje dikt på sju år. I 1882 blei han lærar ved Mount St. Mary's College i Sheffield og ved Stoneyhurst College i Lancashire, seinare professor i klassisk filologi ved University College Dublin.

Hopkins publiserte aldri dikta sine sjølv, men i 1918 blei det gitt ut eit samleverk etter påtrykk av venen Bridges. Blant dei mest kjende dikta til Hopkins finn ein The Wreck of the Deutschland (skrive i 1876 etter at damparen «Deutschland» gjekk på grunn i Themsenmunninga), The Windhover og Pied Beauty.

Gerard Manley Hopkins døydde av tyfoidfeber i Dublin 6. august 1889.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • The Wreck of the Deutschland (Online)
  • God's Grandeur (Online)
  • As Kingfishers Catch Fire (Online)
  • Pied Beauty (Online)
  • Carrion Comfort (Online)
  • The Windhover. To Christ our Lord (Online)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Tom Dunne, Gerard Manley Hopkins. A Comprehensive Bibliography (Oxford, 1969).
  • Paddy Kitchen, Gerard Manley Hopkins (New York, 1979).
  • Humphrey House and Graham Storey (red.), The Journals and Papers of Gerard Manley Hopkins (London & New York, 1959).
  • Catherine Phillips (red.), Gerard Manley Hopkins. The Poems with Selections from the Letters and Journals (Oxford, 1986).
  • The Poetical Works. Red. Norman H. MacKenzie (Oxford, 1990).
  • R. K. R. Thornton (red.), All My Eyes See: The Visual World of Gerard Manley Hopkins (Sunderland, 1975).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]