Hopp til innhald

Gerard van Velde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerard van Velde


StatsborgarskapKongeriket Nederlanda
Fødd30. november 1971 (54 år)
Wapenveld
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2002 – 1000 meter herrer

Gerard Pieter Hendrik van Velde (fødd 30. november 1971) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar. Han vart i 2002 olympisk meister på 1000 meter.

Velde deltok i Vinter-OL 1992 i Albertville. Etter å ha vorte nummer 5 på 500 m, enda han på fjerdeplassen på 1000 meter. Med tida 1.14,93 var han då 0,01 sekund for seint ute til få ein medalje. I sprint-VM 1992 på Valle Hovin i Oslo vart han beste nederlendar på sjetteplass. Under Lillehammer-OL vart han som best nummer 9 på 1000 m.

Velde sleit med å venne seg til dei nye klappskeisene. I dei største stemna måtte han ofte sjå seg slått av fleire løparar enn før. Vinteren 2001 viste han framgang då han vart sjuandemann i sprint-verdsmeisterskapen. Under Vinter-OL i 2002Salt Lake City sette han verdsrekord på 1000 meter med tida 1.07,18 og tok ein etterlengta gullmedalje, framom landsmannen Jan Bos. Vinteren 2003 vann Velde sølvmedaljen i verdsmeisterskapen i sprint, og han vart andremann på 1000 m i VM enkeltdistansar. Han var aktiv på skeisebanen til 2008.