Gerardus 't Hooft
Gerardus 't Hooft (fødd 5. juli 1946 ) er ein nederlandsk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1999 for hans avgjerande bidrag innan kvantestrukturen og teorien for elektrosvak vekselverknad i fysikken. Han delte prisen med landsmannen Martinus J.G. Veltman, som òg var hans doktorgradrettleiar.
't Hooft tok ein doktorgrad i fysikk ved Universitetet i Utrecht i 1972 og har vore professor ved dette universitetet sidan 1977. Han har vore representant for det nederlandske vitskapsakademiet sidan 1982.
't Hooft og Veltman utvikla dei matematiske årsakene for den såkalla Standardmodellen for elementærpartiklar som skildrar og grupperer alle kjende slike partiklar. Gjennom arbeidet deira kan eigenskapane til partiklane reknast ut og føreseiast på ein betre måte. Mspesifikt utvikla dei ein metode for å demonstrere at gaugeteoriar med spontant symmetribrot er renormerbare. Det viktigaste dømet frå ein slik teori er teorien for den svake vekselverknaden som vart fremma av Sheldon Glashow i Steven Weinberg og Abdus Salam. Dette beviset var det avgjerande steget som førte til at Standardmodellen vart akseptert blant deo allmenne fysikarane.
Han har òg fått Lorentzmedaljen (i 1986) og Wolfprisen (i 1981).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gerardus 't Hooft» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nobelprize.org, Nobeltalen
- Hjemmesidan til G. 't Hooft.
- Einskildmenn
- Fødde i 1946
- Nederlandske fysikarar
- Nederlandske nobelprisvinnarar
- Nobelprisen i fysikk
- Folk frå Den Helder
- Medlemmar av United States National Academy of Sciences
- Wolfprisen i fysikk
- Æreslegionen
- Lorentzmedaljen
- Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet
- Teoretiske fysikarar
- Fysikarar på 1900-talet
- Fysikarar på 2000-talet