Gerardus 't Hooft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerard 't Hooft

November 2008
Fødd5. juli 1946 (77 år)
Den Helder i Nederland
NasjonalitetNederlandsk
Områdeteoretisk fysikk, fysikk
Yrketeoretisk fysikar, pedagog, professor, faglitterær forfattar, fysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Utrecht
Universitetet i Leiden
CERN
Alma materUniversitetet i Utrecht
DoktorgradsrettleiarMartinus J. G. Veltman
Kjend forKvantefeltteori
Kvantegravitasjon
MedlemDet franske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
American Academy of Arts and Sciences
Académie royale des sciences, des lettres et des beaux-arts de Belgique
Det russiske vitskapsakademiet
Koninklijke Vlaamse Academie van België voor Wetenschappen en Kunsten

Gerardus 't Hooft (fødd 5. juli 1946 ) er ein nederlandsk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1999 for hans avgjerande bidrag innan kvantestrukturen og teorien for elektrosvak vekselverknad i fysikken. Han delte prisen med landsmannen Martinus J.G. Veltman, som òg var hans doktorgradrettleiar.

't Hooft tok ein doktorgrad i fysikk ved Universitetet i Utrecht i 1972 og har vore professor ved dette universitetet sidan 1977. Han har vore representant for det nederlandske vitskapsakademiet sidan 1982.

't Hooft og Veltman utvikla dei matematiske årsakene for den såkalla Standardmodellen for elementærpartiklar som skildrar og grupperer alle kjende slike partiklar. Gjennom arbeidet deira kan eigenskapane til partiklane reknast ut og føreseiast på ein betre måte. Mspesifikt utvikla dei ein metode for å demonstrere at gaugeteoriar med spontant symmetribrot er renormerbare. Det viktigaste dømet frå ein slik teori er teorien for den svake vekselverknaden som vart fremma av Sheldon Glashow i Steven Weinberg og Abdus Salam. Dette beviset var det avgjerande steget som førte til at Standardmodellen vart akseptert blant deo allmenne fysikarane.

Han har òg fått Lorentzmedaljen (i 1986) og Wolfprisen (i 1981).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gerardus 't Hooft