Gerd-Liv Valla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gerd-Liv Valla
Gerd-Liv Valla.JPG
Fødd 25. januar 1948
Korgen
Yrke politikar, friidrettsutøvar, fagforeiningsleiar
Gerd-Liv Valla på Commons

Gerd-Liv Valla (fødd 25. januar 1948) var leiar for Landsorganisasjonen (LO) frå 2001 til 2007. I 1997 var ho statsråd og sjef for Justis- og politidepartementet (justisminister) i regjeringa til Thorbjørn Jagland.

Bakgrunn, utdanning og yrke[endre | endre wikiteksten]

Valla er frå Korgen i Nordland. Ho har hovudfag i statsvitskap, med mellomfag i sosialantropologi mellomfag og grunnfag i offentleg rett. Ho tok pedagogisk seminar i 1979, og vart cand. polit. ved Universitetet i Oslo i 1977. I sju år var ho gift med historikaren Harald Berntsen.

Valla var som student med i Kommunistisk Universitetslag (KUL), ei gruppe med basis i Filosofisk InstituttBlindern. Grupperinga samarbeidde med Kommunistisk Arbeidarforbund (KA) og vart etterkvart KA sin studentorganisasjon. Ho var aktiv studentpolitikar og leiar i Norsk Studentunion 1974–75.

Ho har arbeid både i fagrørsla og som førstekonsulent og kontorsjef i Norges Allmenvitenskapelige Forskningsråd, samt som høgskolelektor ved Eik Lærerhøyskole i Tønsberg.

Valla hadde som LO-leiar ei rad styreverv, deriblant styreleiar i A-pressa og i Fafo. Ho er også medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet. Ho gjekk av som leiar etter ei sak om arbeidsmiljø i LO og påstander om at ho mobba nære medarbeidarar.

Tidlegare politisk karrière[endre | endre wikiteksten]

Ho var politisk rådgjevar ved Statsministerens kontor frå 1990 til 1992, og deretter statssekretær same stad fram til 1994, under statsminister Gro Harlem Brundtland. Frå 1994 til 1997 var ho forbundsnestleiar i Norsk Tenestemannslag (NTL).

Ho etterfølgde Anne Holt som statsråd i Justis- og politidepartementet i 1997, men regjeringa gjekk av etter valet same år. Ho var nestleiar i LO frå 1997 fram til ho i 2001 vart vald som ny leiar etter Yngve Hågensen. Valla var den første kvinnelege leiaren i LO.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]