Gerd Janne Kristoffersen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gerd Janne Kristoffersen | |
Fødd | 18. november 1952 |
---|---|
Parti | Arbeidarpartiet |
Verv | Ordførar i Verdal |
- periode | 1999-2005 |
- etterfylgjar | Bjørn Iversen |
Gerd Janne Kristoffersen (fødd 18. november 1952 i Verdal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget for Nord-Trøndelag i 2005 og 2009, og sat ut denne perioden til 2013. Ho var vararepresentant frå 2001.
Kristoffersen var formannskapsmedlem i Verdal 1991–1995, og ordførar 1999–2005. I periodar 1995-1999 var ho medlem av Nord-Trøndelag fylkesting, i 1997-1999 medlem av Arbeiderpartiets landsstyre og leiar i Nord-Trøndelag Arbeidarparti frå 2008.
Ho er utdanna sjukepleier frå Innherad sjukepleiarhøgskole frå 1974, og har seinare vidareutdanna seg i leiing og pedagogikk. Ho har hatt ulike stillingar som sjukepleiar, faglærar og oversjukepleiar, det meste av tida ved Sjukehuset Levanger.
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2005–2009: medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- 2005–2009: varamedlem i Valkomiteen
- 2009–2013: medlem i Finanskomiteen
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]