Gerd Kristiansen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gerd Kristiansen | |
![]() Gerd Kristiansen i 2017 Foto: Tore Sætre
| |
Fødd | 1. august 1955 (65 år) Harstad kommune |
Yrke | fagforeiningsleiar |
Gerd Kristiansen på Commons |
Gerd Elin Kristiansen (fødd 1. august 1955 i Harstad)[1]) er ei norsk fagforeiningskvinne. Ho er frå 6. mai 2013 leiar i LO.
Kristiansen er utdanna hjelpepleiar og har yrkesbakgrunnen sin frå Universitetssjukehuset i Tromsø.
Ho var hovudtillitsvalt for Norsk Helse- og Sosialforbund i Troms i ein periode på 10 år. I 2002 vart ho vald til nestleiar i same forbund. Då Norsk Kommuneforbund og Norsk Helse- og Sosialforbund slo seg saman og stifta Fagforbundet i 2003 vart ho medlem av arbeidsutvalet i det nye forbundet. I 2005 vart ho vald til 1. nestleiar, eit verv ho hadde til ho vart nestleiar i LO.
Kristiansen vart i 2009 vald til ny nestleiar i LO. På kongressen i 2013 vart ho vald til Landsorganisasjonens leiar.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Gerd kan bli Norges mektigste kvinne (12. desember 2012). db.no.
- ↑ Landsorganisasjonens internettside besøkt 6. mai 2013
- Denne artikkelen bygger på «Gerd Kristiansen» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2015.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Gerd_Kristiansen» i Store norske leksikon, snl.no.