Gerd Wessig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerd Wessig


Gerd Wessig under den austtyske friidrettsmeisterskapen 1980 i Cottbus

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 16. juli 1959 (64 år)
Lübz
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1980 Summer Olympics – men's high jump

Gerd Wessig (fødd 16. juli 1959) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Lübz i Mecklenburg-Vorpommern som tevla for Aust-Tyskland. Han sette verdsrekord i høgdehopp med 2,36 m og vart olympisk meister den 1. august 1980, under sommarleikane i Moskva. Wessig var 201 cm høg då han var aktiv.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wessig overraska då han kort før OL 1980 vart austtysk meister i høgdehopp med ny personleg rekord 2,30 m. Han vart då teken ut i Aust-Tysklands tropp, men vart knapt nok rekna som medaljekandidat i olympiaden. I Moskva stod han likevel for ein sensasjon, ikkje berre vann han OL-gullet, men han sette liksåvel verdsrekord då han svinga seg over 2,36 m i finalen. Det var den fyrste gongen det vart sett ein verdsrekord i høgdehopp i olympiske leikar. Sølvmedaljen gjekk til den førre verdsrekordhaldaren, Jacek Wszoła frå Polen. Verdsrekorden stod fram til 11. juni 1983 då Zhu Jianhua frå Kina hoppa ein centimeter høgre.

Etter Moskva-leikane dreiv Wessig på som tikjempar. Sin beste tikamp gjorde han i Neubrandenburg i mai 1983, der han oppnåde 8015 poeng, etter dagens poengtabellar 7974 poeng. Grunna hyppige skadar gjekk han tilbake til å tevle i høgdehopp. I 1985 vart han nummer to i høgde i Europacupen for landslag, året etter kom han på sjuandeplass under europameisterskapen i Stuttgart.

Wessig vart austtysk meister i høgdehopp seks gongar; 1980, 1984-86 og 1988-89.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

OL 1980 i Moskva: Gullmedalje – 2,36 m, framom Jacek Wzola (2,31 m) EM 1986 i Stuttgart: Nr 7 – 2,25 m

Kjelder[endre | endre wikiteksten]