Gerda Grepp
Gerda Grepp | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. mai 1907 Fana kommune ![]() |
Død |
29. august 1940 (33 år) |
Yrke | lingvist, journalist, omsetjar |
Organisasjon | Dagsavisen |
Far | Kyrre Grepp ![]() |
Mor | Rachel Grepp ![]() |
Ektefelle | Mario Mascarin ![]() |
Gerda Johanne Helland Grepp (26. mai 1907–29. august 1940)[1] var ein norsk journalist.[2]
Familie
[endre | endre wikiteksten]Gerda Grepp var dotter av Kyrre Grepp og Rachel Grepp.
Grepp var gift med den italiensk-sveitsiske keramikaren Mario Mascarin (1901–66). Dei fekk sonen Olav Kyrre Grepp og dottera Solveig Marie Alexandra «Sacha» Grepp.[2] Dottera var kalla opp etter revolusjonspolitikar og familievenn Aleksandra Kollontaj, og budde i åra 1935–1945 på Fjøsanger utanfor Bergen der Helland-familien har budd frå ca. 1875.[2][3]
Yrkesliv
[endre | endre wikiteksten]Grepp arbeidde, som mora Rachel Grepp, som journalist i Arbeiderbladet.
Grepp blei den fyrste norske journalisten som rapporterte frå den spanske borgarkrigen, der ho jobba med Arthur Koestler, Nordahl Grieg og Lise Lindbæk. Ho representerte det franske Agence Espagne i Paris 1937–1938.
Sjukdom og død
[endre | endre wikiteksten]Gerda Grepp døydde av tuberkulose, i likhet med faren Kyrre Grepp (1922) og broren sin Peter Andreas Grepp (1933).[2]
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]I 2018 blei eit auditorium ved Oslomet – storbyuniversitetet kalla opp etter Gerda Grepp, Gerda Grepps auditorium.[4]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Axel Wedding, Gutten og sigøynerpiken (1934). Omsetjing av Ede und Unku
- Hermynia Zur Mühlen, De tok våre døtre (Tiden, 1934). Omsetjing av Unsere Töchter, die Nazinen
- Kvinnen i det tredje rike (Arbeidernes oplysningsforbunds kvinnekomite, 1935). Omsetjing (23 sider).
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Jo Stein Moen, Rolf Sæther: Tusen dager, Gyldendal, Oslo (2009) ISBN 9788205393516
- Elisabeth Vislie: Ved fronten - Gerda Grepp og den spanske borgerkrigen, Pax, Oslo (2016) ISBN 9788253038667
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Brev til en mor i Bergens Tidende (9.2.2003)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Krigsreporteren fra Fjøsanger, Bergens Tidende (7. desember 2013)
- ↑ Sacha i Andesmauet i Stavanger Aftenblad (4.12.2003)
- ↑ «Kaller opp bygg etter kvinnelige pionerer». 27. november 2018. Henta 12. september 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Gerda Grepp» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hun var den første ved fronten. Gerda Grepp ble glemt., Artikkel om Gerda Grepp i Dagsavisen
- Gerda Grepp hos Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek
- «Hun var den dristigste av alle», artikkel om Gerda Grepp i Dagsavisen
- Omtale av Gerda Grepps innsats som krigskorrespondent i Spania på nettstedet for bokA Tusen dager