Gerda Ring
| Gerda Ring | |||
| | |||
| Fødd | 11. mai 1891 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Kristiansand kommune | ||
| Død | 12. januar 1999 (107 år) | ||
| Dødsstad | Oslo | ||
| Verka som | skodespelar, filmregissør | ||
| Mor | Barbra Ring | ||
| Ektefelle | Halfdan Christensen | ||
| Born | Bab Christensen, Pelle Christensen | ||
| Prisar | Per Aabels ærespris, Riddar av Nordstjerneordenen, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Kongens fortenestmedalje i gull | ||
Gerda Ring (fødd 11. mai 1891 i Kristiansand, død 12. januar 1999 i Oslo)[1][2] var ein norsk skodespelar og instruktør. Ho debuterte i 1911 i København, og var knytt til Nationaltheatret i Oslo frå 1912 til 1961. Gerda Ring var blant grunnleggarane og medlemmene av Det Norske Akademi.
Ho var gift med skodespelaren og teaterinstruktøren Halfdan Christensen (1873-1950) og mor til Pelle Christensen (1923-1995) og Bab Christensen (1928-2017), gift med Lasse Kolstad (1922-2012). Gerda var dotter av Thorvald Kirsebom (1856-1911) og forfattaren Barbra Ring (1870-1955).[1]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 1956 vart Ring utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ho var også riddar av den svenske Nordstjerneorden, innehavar av Kongens fortenestemedalje i gull og den svenske medaljen Litteris et Artibus.
I 1949/50 fekk ho Teaterkritikarprisen for instruksjonen av Jean Paul Sartres Skitne hender på Nationaltheatret.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Trine Næss. «Gerda Ring Christensen». Norsk biografisk leksikon. Henta 11. november 2016.
- ↑ «Gerda Ring Christensen – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no, henta 23. juli 2019
- ↑ «Mottakere av Teaterkritikerprisen». Kritikerlaget. Henta 11. november 2016.