Gerdt Meyer Bruun
Gerdt Meyer Bruun | |
![]() | |
Fødd | 3. februar 1873 Bergen |
Død | |
Yrke | politikar |
Gerdt Henrik Meyer Bruun (3. februar 1873–17. april 1945) var ein norsk fabrikkeigar frå Bergen, aktiv politikar i partiet Høgre.
Bruun var son til ein fabrikkeigar. Etter han gjekk ut frå Hambros skole i heimbyen var han sjømann i tida 1889-91. Frå 1892 arbeidde han på eit forretningskontor på Tyskebryggen i Bergen. Året etter vart han tilsett hos far sin, som dreiv reipslageri og drevfabrikk med meir. Han tok i 1897 over faren sine forretningar, og flytta i 1899 verksemda til Minde i Årstad i 1899. Styreformann i AS Gerdt Meyer Bruun til vinteren 1945.
Bruun var varaordførar i Årstad kommune 1902-07, deretter ordførar 1908-15. Ved stortingsvalet hausten 1918 vart han vald til å representerte einmannskrinsen Nygård og partiet Høgre på Stortinget. Brunn var då medlem i Lønningskomiteen til han sommaren 1920 fekk posten som handelsminister i den fyrste Halvorsen-regjeringa, ein posisjon han hadde i ganske nøyaktig eitt år. Seinare var han formann 1922-23 i Bergens Handelsforening og 1923-35 visepreses i Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme.
Bruun eigde Villa Solhaug på Minde fram til skipsreiar Erik Grant Lea kjøpte eigedommen i 1915. I 1922 fekk Bruun bygt Storhaugen i Kirkeveien 62 på Paradis i Bergen, etter arkitekt Ole Landmark sine teikningar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Stortingsbiografi Arkivert 2016-10-02 ved Wayback Machine.