Gerhard Armauer Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gerhard Armauer Hansen
Gerhard Henrik Armauer Hansen.jpg
Fødd 29. juli 1841, Bergen
Død 12. februar 1912, Florø
Gerhard Armauer Hansen på Commons

Gerhard Henrik Armauer Hansen (29. juli 184112. februar 1912) var ein norsk lege og patolog. Han forska på sjukdomen lepra, som òg er kjend som spedalskheit. Leprabasillen observerte Armauer Hansen for fyrste gong i mikroskop den 28. februar 1873. Sjukdomen vert framleis kalla Hansen's Disease i mange land.

Armauer Hansen vart fødd i Bergen i 1841 og studerte medisin ved Det Kongelige Fredriks Universitet (no Universitetet i Oslo) til 1866. Han jobba i korte periodar ved nasjonalsjukehuset i Kristiania og i Lofoten, før han flytta attende til Bergen i 1868 for å jobba med lepra saman med Daniel Cornelius Danielssen. Han døydde i Florø i 1912.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.