Gerhard Krogh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gerhard Krogh
Fødd14. november 1839
Bergen
Død6. januar 1916
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
BarnSverre Krogh

Gerhard Christopher Krogh (14. november 18396. januar 1916) var ein lærar, offiser, forfattar og stortingsmann frå Bergen. Han vart medlem av Stortingets Venstreforening då denne vart skipa i 1883.

Krogh var son til ein skipper. Han avla eksamen ved sjøkrigsskulen i 1861 og var deretter sekondløytnant ved den bergenske brigade i to år. Perioden 1864-76 var han lærar ved Tanks skole i Bergen. Utnemnd til kaptein og kvartermeister i 1877 og oberstløytnant og sjef for Hardanger landevernbataljon i 1891. Til sist, 1897-1905, oberst og sjef for 3. korps og Bergen linjebataljon.

Krogh var medlem av bystyret i Bergen frå 1873 til 1901, ordførar 1879 og 1891. Elles var han sekretær i Bergens jarnbanekomite 1873-78, og frå 1884 styremedlem i Noregs Bank si avdeling i Bergen. Han vart i 1878 medlem av ein kongeleg kommisjon vedkomande utgreiing av spørsmålet om verkstadbedrift for infanteriavdelingane.

Krogh representerte Bergen på Stortinget frå 1880 til -88. Valbolken 1880-82 var han medlem av vegkomiteen, sidan var han formann i same. Han var medlem av valkomiteen 1882-88 og sekretær i Lagtinget i valbolken 1883-85, deretter var han president i Lagtinget 1886-88. Valbolken 1895-97 var han 1. varamann frå Bergen, møtte på Stortinget to gonger i juni og juli 1896.

Han gav ut fleire lærebøker i fag som rekning, geometri og historie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]