Gerhard M. Gerhardsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Gerhard Meidell Gerhardsen.
Gerhard M. Gerhardsen
Fødd 9. juli 1848
Død

25. juli 1912

Yrke politikar

Gerhard Meidell Gerhardsen (9. juli 184825. juli 1912) var ein norsk gardbrukar, lensmann og politikar frå Kvinnherad. Han var stortingsmann for Høgre i periodane 1892-97 og 1903-12.

Gerhardsen var son til ein gardbrukar. Han var ei kort tid skulelærar, og fekk i 1866 arbeid på kontoret til futen i Sunnhordland. Frå 1872 var han lensmann i Finnås, og gardbrukar på Teigland. Han var medlem i heradsstyret frå 1874 og styreformann i Moster Sparebank frå 1876 til 1907.

Gerhardsen var valmann i lang tid. Han representerte Søndre Bergenhus amt 1892-97 og 1903-06, alle sesjonane, unnateke 1904/05 medlem i Gasje- og pensjonskomiteen, då medlem i Kyrkjekomiteen. Frå 1906 til-12 var Gerhardsen vald frå einmannskrinsen Ytre Sunnhordland, han var då med i Kyrkjekomiteen, sekretær 1908-09 og formann 1910-12. Han var dessutan lagtingsmedlem frå 1903 til -12.

Han døydde i Kristiania, på tampen av 1912-sesjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]