Gerhard Munthe frå Hafslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerhard Munthe frå Hafslo

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. januar 1795
Luster kommune
Død

15. desember 1876 (81 år)
Luster kommune

Yrke historikar, kartograf, offiser, bonde
Gerhard Munthe frå Hafslo på Commons

Gerhard Munthe (4. januar 179515. desember 1876) var ein norsk kartograf, offiser, gardbrukar og historikar frå Hafslo i Sogn. Han var farbror til den samnemnde målaren frå Elverum.

Løytnant Munthe vart topograf ved det som sidan vart til Noregs geografiske oppmåling. Elles teiknelærar ved Krigsskulen. Saman med Nicolay A. Ramm gav han i åra 1826-32 ut den fyrste serien med norske amtskart. Interessa for historie og topografi gjorde at han byrja arbeide med norske stadnamn frå eldre tid. I 1839 kom han ut med det historiske kartet «Noregr», eit grunnleggjande arbeid. Tidlegare, i 1835-36, fekk han prenta «Heraldisk-historiske Optegnelser» i bokverket Samlinger til det Norske Folkes Sprog og Historie, eit sentralt arbeid i granskinga av norsk adel. I 1838 vart Munthe sett til å redigere språket i matrikkelen. «Han førde inn ein meir rasjonell skrivemåte og reviderte i no[rsk] lei.»

I 1841 flytta Munthe frå hovudstaden attende til ættegarden i Hafslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]