Gerhardine Helene Fredrikke Paasche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gerhardine Paasche
(Dina Krog)
none  Dina Krog med familie om lag 1905. Krog heklar.
Dina Krog med familie om lag 1905. Krog heklar.
Fødd 7. september 1851

Fana

Død 30. oktober 1922
Sarpsborg
Parti Uavhengig
Ektefelle Einar Paasche
Barn Olea Paasche, Hans Krog Paasche
Foreldre Hans Jensen Krog og Ingeborg Christine Endresen

Gerhardine Helene Fredrikke Paasche (fødd Krog7. september 185130. oktober 1922), også kjent som Dina Krog, var den fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Luster og i Sogn og Fjordane.[1] Dina Krog var blant dei 100 første kvinnene i landet som blei medlem av eit politisk, kommunalt organ.


Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Gerhardine Helene Fredrikke Paasche voks opp på prestegarden i Fana som yngste dotter av stortingsrepresentant og sokneprest Hans Jensen Krog (1808-1897) og Ingeborg Christine Endresen (1813-1853). Faren var frå Stavanger, og starta først å jobbe som kapellan der hjå sokneprest Gunder Langberg i 1832. I 1850 vart Krog sokneprest i Fana. I åra 1859 og 1862 var han stortingsrepresentant frå Søndre Bergenhus Amt som var namnet på Hordaland på den tida. I 1882 vart han Ridder av St. Olavs orden for «fortjenstlig Embedsvirksomhed». Mora døydde då Gerhardine var 2 år, og ho hadde seks eldre sysken.[2]

Ekteskapet med Einar Paasche[endre | endre wikiteksten]

Den 22. november 1887 gifte Dina seg i Luster med enkjemannen og lækjaren Einar Paasche (1849-1931). Einar Paasche var fødd i Fredrikshald og fekk cand.med. med laud i Trondheim i 1875. Han jobba som lækjar først i Bruvik (frå 1880) og i Gildeskål (frå 1883). I 1884 døydde Einar Paasche si første kone, Olea Sørensen, og etterlét enkemannen med to born.[3]

Einar fekk fire born i det fyrste ekteskapet. To av dei døydde som spedborn. Dei to andre, Andreas og Sigrid, var 9 og 7 år då Dina og Einar gifte seg. Dei fekk to born i lag:

  • Olea Paasche (fødd 1888, død i ung alder)
  • Hans Krog Paasche (1890-1931), utvandra til Amerika i 1915 og var ei tid gruvearbeidar og laksefiskar i Alaska[4]

Luster[endre | endre wikiteksten]

Einar Paasche vart utnemnd til distriktslækjar i Luster i desember 1886 og flytte inn på garden Nygård i Dale der den førre distriktslækjaren òg hadde budd. Her budde Einar og Dina fram til 1906 då Einar vart utnemnd til distriktslækjar i Sarpsborg. Dei flytta til Sarpsborg og vart buande så lenge Dina levde.

I 1901 vart Dina Krog vald inn i kommunestyret i Luster på ei upolitisk liste. Ho var den einaste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Sogn og Fjordane i 1901.[5] Ho var tremenning med kvinnesaksforkjemparen Gina Krog. Deira felles oldeforeldre var presten Truls Christian Krog (1722-1806) og Helen Sophie f. Meyer (1735-1809).

Dina Krog engasjerte seg sosialt i samfunnet i Luster; ho var med på å opprette eit fond for vanskelegstilte i kommunen og å skipe Sogn Sykepleieforening.

Leia underskriftskampanje[endre | endre wikiteksten]

Ved underskriftskampanja til Landskvindestemmeforeningen for ja til unionsoppløysinga med Sverige i august 1905 leia Dina Krog kampanjen i kommunen retta mot Stortinget.[6]

I Luster kommune var oppslutnaden frå kvinnene på om lag 90% av avgitte, mannlege røyster – om lag 10 % over landsgjennomsnittet. 524 kvinner skreiv under på listene i Luster for eit sjølvstendig Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Folketeljingar