German Gref
German Gref | |
![]() | |
Fødd | Герман Оскарович Греф 8. februar 1964 (59 år) Panfilov |
---|---|
Statsborgar av | Sovjetunionen, Russland, Tyskland |
Parti | Sovjetunionens kommunistiske parti, Leningrad Popular Front |
Yrke | samfunnsøkonom, bankier, politikar, deltakar i internasjonale forum |
Institusjonar | Sberbank of Russia Saint Petersburg City Administration |
Utdanna ved | Statsuniversitetet i Omsk Statsuniversitetet i St. Petersburg |
German Oskarovitsj Gref, tysk Hermann Gräf (fødd 8. februar 1964 i Panfilovo i Pavlodar oblast i Kasakhstan), er ein russisk politikar. Han var økonomi- og handelsminister i Russland frå 2000 til 2007.
Gref er etnisk tysk. Foreldra hans vart deporterte til Kasakhstan i 1941, saman med store delar av den etnisk tyske befolkninga i Sovjetunionen. Etter to års militærteneste studerte han jus ved statsuniversitetet i Omsk frå 1985 til 1990. Han flytta så til Leningrad/St. Petersburg. Etter å ha hatt diverse stillingar ved universitetet og byadministrasjonen der vart han henta til Moskva i 1998, då han vart viseminister for statlege eigedomar. I 2000 utnemnde president Vladimir Putin han til økonomi- og handelsminister. Han vart avsett då Viktor Zubkov tok over som ny statsminister i september 2007.
Gref er styremedlem i ei rekkje større russiske selskap, mellom anna det statlege gasselskapet Gazprom sidan 1999.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |