Gerry Daly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerry Daly
Statsborgarskap Irland
Fødd 30. april 1954 (69 år)
Cabra (Dublin)
Idrett fotball

Gerard Anthony Daly, kjend som Gerry Daly, (fødd 30. april 1954) er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Dublin som vart kjend for sine sesongar i Manchester United, Derby County og Coventry City. Han deltok i 48 landskampar og skåra 13 mål for Irland.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Daly var i 1972-73 Bohemians-spelar heime i Dublin. Sommaren 1973 vart han overført til Manchester United mot £20 000. Han fekk sin ligadebut allereie i sesongstarten 25. august, i ein kamp på bortebane mot Arsenal FC, eit oppgjer som United tapte 0-3. Gjennom ein sesong som enda med eit historisk nedrykk til 2. divisjon, fekk Daly lite speletid før nedrykket nærma seg. Sesongen etter var han ein av dei sentrale spelarane då Manchester United rykte oppatt i 1. divisjon. Våren 1976 spelte han finale i FA-cupen, men måtte sjå at Southampton FC stakk av garde med pokalen etter siger 1-0. På tampen av 1976 hamna Daly på reservebenken i Manchester United.

Den 7. mars 1977 la Derby County £175 000 på bordet, og Daly var Derby-spelar til klubben rykte ned frå 1. divisjon i 1980. Der etter gjekk turen til Coventry City, der han vart verande i fire sesongar, medrekna nokre månader med Leicester City i divisjonen under. Etter 1984 var Daly etter tur andredivisjons-spelar for Birmingham City, Shrewsbury Town, Stoke City. Til sist gjorde han 1988-89 teneste hos Doncaster Rovers i fjerdedivisjon og 1989-91 hos Telford United, ein klubb utanfor den engelske ligaen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå mai 1973 til november 1986 spelte Daly i 48 av Irlands landskampar i fotball. Gjennom desse vel 13 åra skåra han 13 mål, noko som gjer han til ein av dei mest målfarlege midtbanspelarane på irske landslag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Tap i FA-cupen:1976 med Manchester United