Gert Nygårdshaug
Gert Nygårdshaug | |
![]() | |
Fødd | 22. mars 1946 (76 år) Tynset |
Yrke | skribent, barnebokforfattar, lyrikar |
Gert Nygårdshaug på Commons |
Gert Nygårdshaug (fødd 22. mars 1946) er ein norsk forfattar frå Tynset. Han er i dag busett på Ryen i Lier. Forfattarskapen hans spenn frå barnebøker til krim. Nygårdshaug er best kjend for kriminalromanane sine om Fredric Drum.
Oppvekst og vaksenliv[endre | endre wikiteksten]
Gert Nygårdshaug vart fødd på Tynset 22. mars 1946 på eit småbruk. Han tok artium ved Tynset gymnas i 1965 og flytta deretter til Oslo, der han byrja å studere ved Universitetet i Oslo. Han tok ei rekkje eksamenar, mellomfag idéhistorie, mellomfag historie og mellomfag filosofi før han avbraut studiane til magistergraden i sosiologi i 1972.
Nygårdshaug var særs politisk aktiv på venstresida, og arbeidde frå 1972 til 1978 som klubbleiar i Uranienborg Fritidsklubb, Uteseksjonen i Oslo og som ungdomssekretær i Målselv. I 1978 byrja han som snikkar, og arbeidde med dette fram til 1984, då han vart forfattar på heiltid. Han arbeidde òg ein periode som sjømann (1967), skogsarbeidar (1968) og lærar i filosofi ved Nansenskolen på Lillehammer (1969-1970).
Det politiske engasjementer hans har heldt fram gjennom åra, og han er kjend for dei kritiske kronikkane sine i Dagbladet i høve til mellom anna USA sin politikk i verdssamfunnet. Ved kommune- og fylkestingsvalet i 2006 stod han på 3. plass på vallista til Raud valallianse i Lier kommune.[1]
Han budde meir eller mindre fast i Oslo frå 1965 til 1992, då han flytta til Lier, der han no bur saman med sonen sin Hans Jørgen (f. 1993).
Forfattarskapen[endre | endre wikiteksten]
Forfattarskapen til Gert Nygårdshaug er prega av mykje reising og grundige undersøkingar. På slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990, budde han i lengre periodar i Brasil og Venezuela, der han mellom anna budde saman med indianarane i Amazonas. Studiar av urkulturar, arkeologi og historie er nokre av interessene hans, ved sidan av sportsfiske, matlaging og vin.
Boka hans Mengele Zoo frå 1989 vart i 2007 kåra til «folkets favoritt» i samband med litteraturfestivalen på Lillehammer.[2]
I 1996 fekk han Cappelenprisen
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Impulser – dikt (1966)
- Paxion – dikt (1971)
- Et bilde et verktøy – dikt (1974)
- Gatevinden – dikt (1980)
- Solfiolinen – noveller (1981)
- Bastionen – roman (1982)
- Alkymisten – noveller (1983)
- Dverghesten – roman (1984)
- Honningkrukken – kriminalroman (1985)
- Nullpluss – roman (1986)
- Jegerdukken – kriminalroman (1987)
- Gipsyblink – dikt (1988)
- Mengele Zoo – roman (1989)
- Dødens codex – kriminalroman (1990)
- Søthjerte – roman (1991)
- Det niende prinsipp – kriminalroman (1992)
- Cassandras finger – kriminalroman (1993)
- Gipsymann – dikt (1994)
- Trollet og de syv prinsessene – barnebok (1995)
- Himmelblomsttreets muligheter – roman (1995)
- Kiste nummer fem – kriminalroman (1996)
- Gutten og trollsverdet – barnebok (1996)
- Huldergubben i Svartberget – barnebok (1997)
- Prost Gotvins geometri – roman (1998)
- Pengegryta i Trollberget – og andre eventyr – barnebok (1999)
- Den balsamerte ulven – kriminalroman (2000)
- Liljer fra Jerusalem – kriminalroman (2001)
- Farivis Ruvis - Gutten fra himmelrommet - Dinosaurene – barnebok (2001)
- Afrodites basseng – roman (2003)
- Alle orkaners mor – kriminalroman (2004)
- Rødsonen – kriminalroman (2006)
- Fortellernes marked - Roman (2008)
- Klokkemakeren - Roman (2009)
- Samlede eventyr - Barnebok (2009)
- Chimera - Roman (2011)
- Pergamentet - Roman (2013)
- Nøkkelmakeren - Roman (2014)
- Eclipse i mai - Roman (2015)
- Budbringeren - Kriminalroman (2015)
- Zoo Europa - Roman (2018)
- Regnmakeren - Roman (2019)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Uoffisiell heimeside
- Gert Nygårdshaug Arkivert 2006-12-05 ved Wayback Machine. på Cappelen Forlag
- Gert Nygårdshaug Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. på Cappelen Publisher
- Gert Nygårdshaug på NRK
- Gert Nygårdshaug i Dagbladet
- Gert Nygårdshaug i Aftenposten
- «Vi som ikke tente lys for USA» – kronikk i Dagbladet etter 11. september-åtaka.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på artikkelen «Gert Nygårdshaug» frå Wikipedia på bokmål og riksmål.