Gert van Egen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gert van Egen
Statsborgarskap Habsburg Netherlands
Fødd 16. hundreåret
Mechelen
Død

1612
Helsingør

Yrke bilethoggar
Gert van Egen på Commons
Monumentet over kong Fredrik II og dronning Sophie i Roskilde domkyrkje er utført av Gert van Egen og reist i 1598.
Foto: FaceMePLS
Relieff frå Fredrik IIs gravmæle som viser kringsetjinga av Akershus festning i 1567. Nedst til venstre Oslo med Hallvardskatedralen.

Gert van Egen (fødd før 1578, død 1611 el. 1612) var ein steinhoggar av ukjend opphav. Det er kjend at han i nokre år virka i Danmark under Fredrik II.

Han var tilsett på Kronborg slott 1578-1585; i dei åra Fredrik II fekk utført store arbeid på slottet. Van Egen var ein av dei best løna steinhoggarane, noko som indikerer at han har hatt viktige oppgåver i utsmykkinga av Kronborg.

Fredrik II døydde i 1588 og allereie året etter fekk Gert van Egen bestilling på gravmæle til kongen som skulle stå i Roskilde domkyrkje. Initiativet kom frå sonen Kristian IV og mora, enkjedronning Sophie. Det går fram av eit brev frå Sophie at han skulle utføre det etter utleverte modellar og det er difor noko uklart kor stor del av monumentet som er van Egens eige verk.

Av særleg interesse er relieffa på sidene av monumentet. Dei skildrar scener frå kongens felttog mot Ditmarsken i 1559 og frå Den nordiske sjuårskrigen 1563-1570. Den eine scena syner omleiringa av Akershus festning i Oslo i 1567.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]