Gervasio Antonio de Posadas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gervasio Antonio de Posadas
Posadas.jpg
Øvste direktør for Dei sameinte provinsane av Río de la Plata
Regjeringstid 31. januar 1814-9. januar 1815
Fødd 18. juni 1757, Buenos Aires
Død 2. juli 1833 (76 år), Buenos Aires
Etterfølgjar Carlos María de Alvear

Gervasio Antonio de Posadas y Dávila (18. juni 17572. juli 1833) var med i det andre triumviratet av Dei sameinte Río de la Plata-provinsane (seinare Argentina) frå 19. august 1813 til 31. januar 1814, og deretter øvste direktør fram til 9. januar 1815.

Posadas var fødd i Buenos Aires og utdanna seg til jurist. Han arbeidde for dei spanske styresmaktene fram til Mairevolusjonen i 1810. Han støtta sentraliseringsfraksjonen (framfor føderalistane) og nærma seg Mariano Moreno. I 1811 måtte han vera ei tid i eksil i Mendoza. I 1813 deltok han i den konstituerande forsamlinga Asamblea del Año XIII ('År 13-forsamlinga'). Frå 19. juni 1813 blei han med i det andre triumviratet saman med José Julián Pérez og Nicolás Rodríguez Peña då han erstatta Antonio Álvarez Jonte. Då forsamlinga seinare oppløyste triumviratet til fordel for ein enkeltperson som øvste leiar, blei Posadas utvald til å bli den første i stillinga.

Som øvste direktør laga Posadas provinsane Entrerios, Tucuman og Salta, og sende troppar til hæren i Banda Oriental. Montevideo blei teken av nevøen hans, general Carlos María de Alvear. Rivalisering mellom José Gervasio Artigas i Uruguay og general José Rondeau i øvre Peru, saman med mislukka forsøk på å forhandla med den spanske krona, førte til at Posadas måtte gå av den 9. januar 1815. General Alvera etterfølgde han som øvste direktør, men blei kort tid seinare fjerna frå makta ved eit statskupp. Utan støttespelarar i maktposisjonar blei Posadas fengsla i august 1815 og halden fanga i seks år. Han byrja skriva memoara sine i 1829.

Gervasio Antonio de Posadas y Dávila døydde i Buenos Aires.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]