Hopp til innhald

Gesher HaZiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gesher HaZiv
גֶּשֶׁר הַזִּיו
kibbutz
Namneopphav: Praktbrua
Land  Israel
Region Vest-Galilea
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 33°2′20.4″N 35°6′40.67″E / 33.039000°N 35.1112972°E / 33.039000; 35.1112972
Folketal 1 614 (2019)[1]
Grunnlagd 1949
 •  Grunnlagd av Immigrantar frå nordamerikanske Habonim og tidlegare medlemmar frå kibbutz Beit HaArava
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Gesher HaZiv
33°02′20″N 35°06′41″E / 33.039°N 35.111297222222°E / 33.039; 35.111297222222
Wikimedia Commons: Gesher HaZiv
Nettstad: www.gesher-haziv.org.il

Gesher HaZiv (גֶּשֶׁר הַזִּיו, tyder Praktbrua) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Vest-Galilea langs kysthovudvegen mellom Nahariya og den libanesiske grensa, ovanfor Akhziv nasjonalpark, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2010 hadde han eit folketal på kring 1 400.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd i 1949 av to grupper: 120 immigrantar frå den sionistiske ungdomsrørsla Habonim i Nord-Amerika, og halvparten av den tidlegare kibbutzen Beit HaArava, som vart evakuert under den arabisk-israelske krigen 1948. Han har fått namn til minne om dei 14 Palmach-medlemmane som vart drepne under brigadenatta i 1946, og i forhold til ein eldgamal fønikisk og arabisk landsby kalla Achziv. Ruinane av denne ligg i nærleiken og er ein del av ein nasjonalpark.

I juli 1998 vart Gesher HaZiv privatisert og i 2004 kom 200 nye familiar til kibbutzen i eit nytt bustadområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]