Gesher kibbutz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gesher i Israel)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°37′16.69″N 35°33′7.56″E
Gesher
kibbutz
Kibutz Gesher (1).JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Beit She'an-dalen
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°37′16.69″N 35°33′7.56″E
Grunnlagd 1939
 - Grunnlagd av Hanoar Haoved-rørsla og innvandrarar frå Tyskland.
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Gesher

Gesher (hebraisk גֶּשֶׁר, tyder 'Bru') er ein kibbutz i Beit She'an-dalen nordaust i Israel. Han vart grunnlagd i 1939 av emigrantar frå Tyskland og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune. Han ligg 10 km sør for kibbutz Deganya Aleph og 15 km sør for Tiberias. Landsbyen har kring 500 innbyggjarar. Han er kalla opp etter nabobrua (hebraisk Gesher) Naharayim, over Jordanelva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd i 1939 på landområde kjøpt med hjelp av Edmond de Rothschild, av ei gruppe jødar fødd i Palestina og som var medlemmar av ei ungdomsrørsla HaNo'ar HaOved og ei gruppe unge jødar frå Tyskland. Seinare kom òg jødiske emigrantar frå Polen, Tyskland, Austerrike og fleire palestinsk jødar. Kibbutzen voks opp nær Naharayim bru som ein tårn og palisade-busetnad.

Staden der kibbutzen var eit karavanserai (khan) frå mamelukktida til seint på 1700-talet eller tidleg på 1800-talet.[1] Khanen var kalla Jisr el-Majami' (møtebrua). Han var ein av dei tidlegaste khanane i Galilea og eit viktig møtepunkt for vegen Bet She’an–Damaskus og vegen som gjekk mellom aust ogvest frå Gilead til Sirinplatået.[1] Somme av dei originale kibbutzbygning låg i dei gamle ruinane.[1]

Den israelsk-arabisk krigen 1948[endre | endre wikiteksten]

Den 27. april 1948 tok Haganah kontroll over Gesher politistasjon, eit Tegart-fort som hadde blitt evakuert av britane. Den arabiske legionen, som framleis var under britisk kontroll på den tida, gav ordre om å evakuere staden. Haganah nekta og soldatar frå begge sider utveksla eld i tre dagar før den arabisek legionen fekk ordre av hovudkvarteret om å vende attende til basen.[2]

Frå morgonen den 15. mai og dei sju neste dagane, vart busetnaden og fortet angripne av irakiske styrkar, som nytta pansa kjøretøy og flyåtak.[3] Forsvarane dreiv irakarane attende og påførte dei store tap, men kibbutzen vart øydelagd i kampane. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart busetnaden flytta kring 1 km lenger vest.

Seinare tid[endre | endre wikiteksten]

Under utmattingskrigen mellom 1967 og 1970 kibbutzen vart angripen med bomber, miner og skyting av arabisk palestinske PLO-soldatar.

Etter det vart fredsavtale mellom Israel og Jordan oppretta kibbutzen eit museum der kibbutzen som dokumenterer historia til Gesher og den jødiske styrte krafstasjonen i Naharayim.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Gesher (kibbutz)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2015.
  • Imanuel Reuveni - Lexicon of Holy Land - Eretz Israel Lexicon (Leksikon Eretz Israel - på hebraisk) Yedioth Ahronoth - Chemed Books Publishing house, 1999.
  • Yuval Elezri (ed) - lexicon Mapa - Eretz Israel (på hebraisk) - Maps Concise Gazetteer of Israel Today 2003, Tel Aviv MAP Mapping and Publishing.
  1. 1,0 1,1 1,2 Abdullah Mokary and Zvi Gal (2005). «Khan Gesher (Jisr El-Majami‘)». Atiqot 50: 195–207. 
  2. David Tal (31. januar 2004). War in Palestina, 1948: israelske and arabarar Strategy and Diplomacy. Routledge. s. 202. ISBN 978-0-203-49954-2. 
  3. Benny Morris (1. oktober 2008). 1948: A History of the First Arab Israeli War. Yale University Press. s. 247. ISBN 978-0-300-14524-3. Henta 14. juli 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]