Getúlio Dornelles Vargas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Getúlio Dornelles Vargas
Getulio Vargas (1930).jpg
Fødd 19. april 1882

São Borja

Død 24. august 1954
Catete Palace
Parti Brazilian Labour Party

Getúlio Dornelles Vargas (fødd 19. april 1883, død 24. august 1954) var ein brasiliansk politikar. I 25 år dominerte han den brasilianske politikken, mellom anna som president.

Vargas var fødd i São Borja i delstaten Rio Grande do Sul. Han tok makta i Brasil ved eit statskupp i 1930 og innførte eit personleg diktatur med seg sjølv som president. Han var diktator i perioden 1930-34, president valt av kongressen i perioden 1934-37 og endå ein gong diktator i perioden 1937-45. I 1945 blei han tvunge av militæret til å gå av og blei etterfølgd av Eurico Gaspar Dutra. Vargas blei då senator i Rio Grande do Sul. Denne perioden brukte han aktivt for å skaffe seg ny støtte. I presidentvalet i 1950 vann han med nesten 50 % av røystene. Oppslutninga om Vargas gjekk gradvis ned gjennom heile presidentperioden, med aukande krav om at han måtte gå av. Då han skjøna at han korkje hadde støtte hos parlamentet eller hos militæret, tok han sjølvmord i presidentpalasset i august 1954.