Get Together av Chet Powers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Get Together
Singel av The Youngbloods
B-side

«Beautiful»

Utgjeve 1967, 1969
Innspelt 1966
Sjanger Psykedelisk rock, folkrock
Lengd 4:37
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Chet Powers
Produsent Felix Pappalardi
The Youngbloods-kronologi 
«Merry-Go-Round»
(1967)
Get Together «Darkness, Darkness»
(1969)


«Get Together», òg kalla «Let's Get Together», er ein song skriven tidleg i 1960-åra av den amerikanske songar-låtskrivaren Chet Powers (òg kjend som Dino Valenti).

Songen bed om fred og brorskap, og handlar om polariteten mellom kjærleik og frykt, og valet som må gjerast mellom dei to.

Innspelingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først spelt inn som «Let's Get Together» av The Kingston Trio og gjeven ut 1. juni 1964 på albumet Back in Town.[1] Han vart ikkje gjeven ut som singel, men det var denne versjonen som først gjorde folk merksam på songen. The Kingston Trio spelte ofte songen på konsertane sine.

Ein versjon av songen nådde topp 40 på singellista i USA i 1965, då We Five, produsert av Kingston Trio-manageren Frank Werber, gav ut «Let's Get Together» som oppfølgjaren til hitten deira «You Were on My Mind». Denne singelen vart ikkje like populær, men nådde likevel 31. plassen på Billboard Hot 100.[2] Dette vart den siste hitsingelen deira.

Judy Collins spelte songen på Newport Folk Festival i 1966 og versjonen hennar vart seinare gjeven ut på eit samlealbum frå Newport-festivalane. .

Frå 1967 til 1969 var «Get Together» fast på konsertane til Joni Mitchell, ofte spelt som ekstranummer. I 1960-åra spelte HP LoveCraft ofte songen.

I 1967 vart songen spelt inn av The Youngbloods som gav han ut som «Get Together.» Han vart ein mindre hit for dei med ein 62. plass.[3] Det vart fornya interesse for Youngbloods-versjonen då han vart nytta i ein radioreklame som bad om brorskap. Han vart då gjeven ut på ny og nådde heilt til femteplassen på singellista i USA i 1969.

The Dave Clark Five nådde 8. plassen på UK Singles Chart i mars 1970 med ein versjon kalla «Everybody Get Together».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Kingston Trio, Back in Town Henta 3. februar 2015.
  2. We Five charting singles Retrieved 3. februar 2015.
  3. The Youngbloods' charting singles Retrieved 3. februar 2015.
  4. Gilliland, John (1969). «Show 41 - The Acid Test: Psychedelics and a sub-culture emerge in San Francisco.» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. Henta 29. april 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]