Get Off of My Cloud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Get off of My Cloud)
Get Off of My Cloud
Singel av The Rolling Stones
frå albumet December’s Children (And Everybody’s)
B-side

«The Singer Not the Song» (UK)
«I'm Free» (USA)

Utgjeve 25. september 1965 (US)
22. oktober 1965 (UK)
Innspelt 6 - 7. september 1965, RCA Studios, Hollywood
Sjanger Rock
Lengd 2:55
Selskap London 45-LON 9792
Decca F12263
Tekstforfattar Mick Jagger
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi 
«(I Can’t Get No) Satisfaction»
(1965)
Get Off of My Cloud «As Tears Go By»
(1966)


«Get off of My Cloud» er ein song av The Rolling Stones. Han vart skriven som ein oppfølgjar til den særs populære «(I Can’t Get No) Satisfaction».

Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og vart spelt inn tidleg i september 1965. Songen er kjend for trommeintroen av Charlie Watts og dei doble gitarane til Brian Jones og Keith Richards.[1] Teksten er utfordrande og opprørsk, som var vanleg for the Rolling Stones på denne tida, då dei starta å dyrke «bad boy»-imaget. The Stones har sag at songen kom som ein reaksjon på den bråe populariteten etter suksessen med «Satisfaction». Songen omhandlar motviljen deira mot forventningane folk hadde til dei.

« I was sick and tired, fed up with this and decided to take a drive downtown; It was so very quiet og peaceful, there was nobody, not a soul around; I laid myself out, I was so tired and I started to dream; In the morning the parking tickets were just like a flag stuck on my windscreen »

Richards sa i 1971 at han ikkje var særleg nøgd med måten dei gjorde songen på. Dei var i Los Angeles og trong ein oppfølgjar til «Satisfaction», noko som i følgje Richards var som å «hoppe etter Wirkola». Han meinte òg at det var ein av dei verste produksjonane til Andrew Loog Oldham.[2]

Songen toppa listene i både USA og Storbritannia i vekene etter han kom ut hausten 1965. I Noreg stoppa songen på andreplass på VG-lista, der han låg fire veker bak «Yesterday» av The Beatles. Totalt låg songen 13 veker på Topp 10.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965–66) Plassering
Australia (Kent Music Report) 2
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[4] 5
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[5] 6
Canada Top Singles (RPM)[6] 1
Tyskland (Media Control AG)[7] 1
Irland (IRMA)[8] 2
Nederland (Mega Single Top 100)[9] 2
New Zealand (Lever Hit Parade)[10] 2
Noreg (VG-lista)[11] 2
UK Singles (Official Charts Company)[12] 1
US Billboard Hot 100[13] 1
US Cash Box Top 100[14] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
US (Joel Whitburn's Pop Annual)[15] 13

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Rolling Stones-album[endre | endre wikiteksten]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, Richie. The Rolling Stones "Get Off of My Cloud". allmusic. 2007.
  2. Greenfield, Robert. «Keith Richards – Interview». Rolling Stone 19. august 1971.
  3. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives. s. 96–7. ISBN 0-85112-250-7. 
  4. "The Rolling Stones – Get Off of My Cloud – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  5. "Ultratop.be – The Rolling Stones – Get Off of My Cloud" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
  6. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 26. mars 2018.
  7. "The Rolling Stones - Get Off of My Cloud". Charts.de. Media Control. Henta 26. mars 2018.
  8. "The Irish Charts – Search Results – Get Off of My Cloud". Irish Singles Chart. Retrieved 18. juni 2016.
  9. "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Get Off of My Cloud" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
  10. Flavour of New Zealand, 20. januar 1966
  11. "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – Get Off of My Cloud". VG-lista. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  12. "Chart Stats – Rolling Stones – Get Off of My Cloud" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 26. mars 2018.
  13. "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 26. mars 2018.
  14. Cash Box Top 100 Singles, 13. november 1965
  15. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]