Geta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Geta er japanske skor som blir brukt saman med tradisjonelle klede, som kimono. Skorne er ei slags blanding av sandalar og tresko, men med sitt eige særpreg.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ein geta tek utgangspunkt i ei flat treplate, gjerne rektangulær i forma, som foten skal stå på. Treet kan vera uvølt eller lakkert.

Ein geta sett frå sida.

Under plata fester ein eitt eller helst to trestykke. Trestykka er vanlegvis tynne rektangel som kan vera heilt låge eller styltehøge. Somme tider er det fremre stykket trekanta. Dersom ein berre bruker eitt trestykke, kan det gå under heile skoen, som ein platåsko av tre, eller det kan vera eit smalt rektangel midt under solen. Dette siste krev god balanseevne av brukaren, men skal vera godt å gå med i myrlendt terreng. Det er munkar og einebuarar som er meint til å bruka desse skorne. I tillegg fortel tradisjonen at Tengu-trollet med den lange nasen bruker slike getaer.

To japanske kvinner i kimono og geta.

Oppå plata festar ein ein tjukk stropp som skal halda skoen fast til foten. Stroppen er forma som ein V med spissen midt på solen. Det finst altså ingen venstre- og høgresko, slik me er vane med i Vesten. Stroppen sit mellom stortåa og den neste, slik at foten blir ståande litt skeivt på skoen. Det er vanleg å bruka tabi, tåsokkar, oppi getaene. Nokre av skorne har eit dekke over foten, som på vestlege tresko, til bruk i dårleg vêr.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skotøyet blei til i Heiantida, då ein bytta ut klamme kinesiske sko med opne sandalar tilpassa det fuktige japanske klimaet. Getaer var uformelt fottøy ein alltid brukte når ein gjekk ut; dei høge tennene på undersida kom til for å hindra ein lang kimono frå å slepa i bakken. I dag blir getaskorne som regel berre brukte ved høgtidelege høve, saman med kimonoar. Svært få japanarar bruker dei til dagleg; unntaket er aspirantar blant sumobrytarane. Den særeigne klakkelyden av treskorne er noko mange eldre japanarar saknar i det moderne japanske samfunnet.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Eit japansk ordtak seier «du veit ikkje sikkert før du har teke på deg getaene». Det tyder at du ikkje kan vera sikker på utfallet før spelet er over.

Ordet geta blir òg brukt om sushitallerkar av treplater med to rektangel under, ettersom dei er svært like skorne i utsjånad.