Hopp til innhald

Getafe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Getafe
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Madrid
Høgd 622 m
Areal 78,74 km²
Folketal 189 906 (2024)
Grunnlagd 1326
Postnummer 28901–28909
Retningsnummer 916
Kart
Getafe
40°18′00″N 3°43′00″W / 40.3°N 3.7166666666667°W / 40.3; -3.7166666666667
Wikimedia Commons: Getafe

Getafe er ein by sør i storbyområdet til Madrid i Spania og ein av dei mest folkerike og industrialiserte byane i kommunen. I byen ligg ein av dei eldste spanske militære flybasane, samt Universidad Carlos III de Madrid. Her ligg òg Cerro de los Ángeles som vert rekna som det geografiske midtpunktet på Den iberiske halvøya.[1] Byen ligg 13 km sør for sentrum i Madrid.[2] Han ligg på eit flatt område i Meseta Central i nedslagsfeltet til elva Manzanares.

Plasseringa nær Madrid gjorde at Getafe vart kraftig industrialisert på 1900-talet. Dette førte til ein folkeauke og byen har i dag i underkant av 200 000 innbyggjarar.

Stikk av Getafe frå 1800-talet.

Historia til Getafe kan delast inn i tre perioadar. Den første perioden varte frå førhistorisk tid til 1326 då det fanst forskjellige siviliasjonar og landsbyar i området, sjølv om Getafe sjølv ikkje eksisterte som ein kommune. Den andre perioden varte frå 1300-talet til 1900-talet då Getafe vart ein liten by som sakte utvikla seg. Den tredje perioden starta på 1900-talet og held fram framleis. Getafe har då endra seg frå ein liten jordbruksby til ein stor industriby med stor auke innan handel, industri, folketal og storleiken på byen.[3]

  1. «Cerro de los Ángeles (Official website)». Henta 13. november 2009. 
  2. «Ayuntamiento de Getafe». City of Getafe. 
  3. «Historia de Getafe». Getafe, Spania: Ayuntamiento de Getafe. Arkivert frå originalen 3. mars 2009. Henta 13. november 2009. .

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Getafe