Gevim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gevim
landsby
Land  Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Sha'ar HaNegev
Koordinatar 31°30′27″N 34°35′55″E / 31.50750°N 34.59861°E / 31.50750; 34.59861
Folketal 520 (2015)
Grunnlagd 1947
 - Grunnlagd av Palmach-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Gevim
31°30′27″N 34°35′55″E / 31.5075°N 34.598611111111°E / 31.5075; 34.598611111111
Wikimedia Commons: Gevim

Gevim (hebraisk skrift גֵּבִים, tyder Cisterner) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nordvest i Negevørkenen nær Sderot og høyrer til Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2006 hadde han 360 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd i 1947 under namnet Sde Akiva. Grunnleggjarane var frå Palmach og hadde tidlegare vore medlemmar av HaNoar HaOved VeHaLomed. Han tente som hovudkvarter for Det israelske forsvaret under den arabisk-israelske krigen i 1948, og fekk seinare namnet Gevim.

I 2000-åra vart kibbutzen fleire gonger råka av åtak med Qassam-rakettar, som gjorde skade på bygningar, medan to innbyggjarar fekk mindre skadar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]